Turar i Erdalen
Erdalen
Erdalen er ein av dei finaste setredalane i Oppstryn. Landskapet er ope og fritt, men også majestetisk med høge, steile fjell og brear.
Dalen gjev god hamne for storfe, og her ligg to setrar med godt vedlikehald.
Dei to setrane er Erdalssetra, som også vert kalla Heimesetra eller Storesetra, og Vesledalssetra. Begge setrane har ei lang og interessant historie.
Ved Vesledalssetra deler Erdalen seg i to dalføre; Storedalen har retning mot sør-aust og Vesledalen mot aust.
Fremst i Storedalen ligg Erdalsbreen. Det ligg i dag eit stort brevatn framfor breen. Frå brevatnet kan du gå vidare mot Strynekåpa. Frå toppen får du eit flott utsyn mot Erdalen og Lodalskåpa.
Den mykje brukte driftevegen for krøter gjekk fram gjennom Storedalen, over Erdalsbreen til Jostedalen. Det blei slutt på denne trafikken kring 1920.
Fremst i Vesledalen ligg Vesledalsbreen. Her kan ein gå over til turisthytta Slæom i Mysubyttdalen i Skjåk kommune.
På veg til Vesledalsbreen passerer ein Fossen, eit mektig fossefall med eit idyllisk brevatn bakafor.
-

Natursti i Erdalen
Her kan du laste ned PDF til naturstien i Erdalen
-
Erdalssetra
Erdalssetra er ei av dei vakraste setrane våre. Landskapet er ope og fritt, men høge, steile fjellveggar er likevel ikkje langt unna.
-

Vesledalssetra
Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen. Gjennom fleire generasjonar har patentførarar ført turistar over breen til Skjåk og Sogn, og driftehandlarar førte store fedrifter over breen til Fåbergstølen og vidare mot Austlandet. I vår tid har “Josten på langs” vore ein populær skitur på vårparten.
-
Erdalsbreen
Erdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, den ligg fint til ved det turkisfarga brevatnet inst i Erdalen.
-
Strynekåpa
Frå toppen får du eit majestetisk utsyn mot Erdalen, Lodalskåpa og breane ikring.
-
Fossen
Turen er ei stor naturoppleving, ein imponerande foss og eit idyllisk brevatn bakafor.
-
Vesledalsbreen
Den mest brukte ruta over breen til Slæom og Skjåk går opp/ned Vesledalsbreen. Usikta frå breplatået er storslegen.