Gamle Sundal gard
Målet for foreininga “Gamle Sundal gard” er å gjere garden og kulturminna lettare tilgjengeleg for alle, samt å drive formidling av historie og kunnskap om garden.
I april 2026 vart det etablert ei foreining for å ta vare på dei historiske kulturminna på den gamle fjellgarden i Sundalen.
Foreininga Gamle Sundal gard arbeider for:
bevaring av kulturminna og bygningsrestane
skjøtsel av kulturlandskapet
betre tilgjenge for ålmenta
formidling av lokal historie og tradisjonar
Sundalen har vore ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest sidan 1400-talet. Dei gamle tuftene og husmurane er i dag viktige kulturminne frå livet i fjellet gjennom generasjonar. Råsa frå Sundalen til Polfoss via Kamperhamrane har status som historisk vandrerute.
Garden representerer ein viktig del av kulturarven i Oppstryn, og vart fleire gonger hardt råka av snøskred. Ei av dei mest kjende skredulukkene var i 1868, då 13 personar omkom.
Har du lyst å støtte arbeidet til foreininga, og melde deg inn?
Vipps: Send kr 200 til 54690 merk med ditt namn og tlfnr.
Kontonr 3705.71.40438 merk med ditt namn og tlfnr.
Saman tek vi vare på historia
Bomveg (5 km). Parker på oppmerka p-plass omlag 400 m før Sundalsbakken
Kontaktinfo: gamlesundalgard@outlook.com