Fotturar i Oppstryn

Rundt Oppstrynsvatnet finn vi desse setredalane: Skaardalen, Furedalen, Flofjellet, Glomsdalen, Skjerdingsdalen, Sunndalen, Erdalen, Fosdalen, Brekkedalen og Rjupedalen.
Det vart slutt med tradisjonell seterdrift før 1960 — og på nokre av setrane lang tid før det. Men setrehusa står der og vitnar om ei anna tid i det norske landbruket. Og mange bønder er flinke til å halde sela og kulturlandskapet i hevd.
Nokre av setrane ligg avsides til og er utsette for naturen sine krefter. Her står berre murane att og minner oss om det som var.

Fleire av setrane ligg mellom fjell som strekkjer seg opp mot 1850 moh. Landskapet er storslagent med brear som sender armar ned etter fjellsidene. Fotturar i desse dalane gjev store naturopplevingar. Fleire av setrane ligg innafor Jostedalsbreen nasjonalpark.

Her finn du oversikt over nokre av dei mest populære turane, som også er skilta og tilrettelagde. Nokre toppturar er også med.

Turskildringar finn du under.

  • Skaardalen

    Skaardalen ligg slik til at du får eit mektig utsyn mot Oppstrynsvatnet og fjella omkring

  • Furedalen

    I Furedalen ligg Furesetra og i enden av dalen ligg dei to Botnevatna. Ved det første vatnet er det sett opp fleire hytter som ligg idyllisk til.

  • Flofjellet

    Turen går på ein gammal ferdselsveg mellom bygda Vollset i Sunnylven kommune og Flo.

  • Segestad

    Stien til Segestad snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen. Garden gjev deg unik innsikt i korleis fjellbønder levde for berre nokre få generasjonar sidan.

  • Utsyn fråStol

    Glomsdalen

    I Glomsdalen er det fleire setrar, kulturminne ein gamal fjellgard og mogelegheit for fantastisk utsikt over Oppstryn.

  • Skjerdingsdalen

    Når du kjem ut av den første tunnelen på veg over Strynefjellet, vil du sjå denne idylliske setra ikkje langt frå Rv. 15. Her er det mange turalternativ.

  • Sunndalen

    Sunndalen er ein frodig setredal med høge, bratte fjell på begge sider. Turen til Sunndalssetra kan du gjerne gå som ein rundtur. Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane går austover frå Sunndalen, gjennom Rauddalen til Skjåk.

  • Erdalen

    I Erdalen når du to setrar, Erdalssetra og Vesledalssetra. Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar på Jostedalsbreen. Her finn du og PDF til naturstien i Erdalen.

  • Fosdalen

    Ein fin setretur i flott natur, inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Setra ligg ca 380 moh. Ein startar turen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, først på grusveg og deretter over på bratt og litt krevjande sti.

  • Brekkedalen og Rjupedalen

    Brekkedalen og Rjupedalen ligg slik til at det kan vere naturleg å gå rundtur gjennom begge dalføra

Kart over Oppstryn