Turar i Furedalen
Furedalen strekkjer seg om lag 5 km nordover frå Veslebygda og går heilt inn til grensa mot Sunnmøre. I enden av dalen finn vi to idylliske vatn; Botnevatna. Desse ligg i knapt 900 meters høgde, og det skal vere mogleg å få fisk.
Lenger nede i dalen ligg Furesetra. I den tid setra var i drift, var det heile åtte sel her. I dag er det berre eit fåtal att.
Det kjende fjellet Marsåhyrna er kanskje lettast tilgjengeleg frå Furedalen.
Frå Stryn sentrum køyrer du austover langs Rv. 15 til Storesunde. Her svingar du til venstre i krysset før brua og følgjer Flovegen ca. 4 km til Veslebygda. Du tek av til venstre og køyrer ein liten kilometer oppoverbakke til garden Sollid. Frå denne garden går det ein køyrbar skogsveg meir enn ein kilometer vidare. Dersom du har 4-hjulstrekk og bra høgde under bilen, kan du køyre til vegenden og parkere.
-

Tur til Heimste Botnevatnet
Heimste Botnevatnet ligg idyllisk til mest i enden av Furedalen, knapt 850 meter over havet.
-

Tur til Marsåhyrna
Utsynet frå Marsåhyrna er majestetisk. Knapt nokon anna fjelltopp gjev eit så vidt og storslagent utsyn - både oppover mot Oppstryn og nedover Strynedalen
Kart over turalternativ i Furedalen