Fottur til Marsåhyrna
Utsyn frå Marsåhyrna
Utsynet frå Marsåhyrna kan måle seg med det aller beste. Her får du eit majestetisk utsyn både mot Oppstryn og Nedstryn.
Ruta mot toppen kan starte både i Veslebygda/Furedalen og frå Flo/Flofjellet.
Her vert turen skildra frå Veslebygda.
Gradering: Ekstra krevjande. Du går langs rydda sti til du er over tregrensa.
Lengd: 5,2 km ein veg
Høgdemeter: 1045
Tidsbruk: 8 timar t/r
Sesong: Sommar - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av skogsvegen.
Merk: Det er ikkje merka sti frå Heimste Botnevatnet og vidare til toppen.
Det kan til tider vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over elva ved Heimste Botnevatnet.
Det er ikkje mobildekning på turen.
På bildet og på kartet er det teikna inn to alternative ruter til Marsåhyrna. Det kan vere lurt å ta ein rundtur.
Tilkomst
Når du kjem til Veslebygda, svingar du til venstre og køyrer knapt ein kilometer oppoverbakke til garden Sollida. Frå denne garden går det ein skogsveg vidare om lag 1,3 km. Vegen er heller bratt og vegdekket er ujamt, men har du 4-hjulstrekk og bra høgde under bilen, kan du køyre til vegenden og parkere der.
Turskildring
Den første delen av turen til Marsåhyrna går til Heimste Botnevatnet. Sjå Fottur til Heimste Botnevatnet.
Ved utløpet av Fureelva er det bygd ei demning for at fisken ikkje så lett skal følgje straumen ned over elva. Her er det mogeleg å kome seg nokolunde tørrskodd over.
Vi ser Heimste Botnevatnet, og hyttene som er bygde i seinare år. I bakgrunnen kan vi skimte Fremste Botnevatnet. Vi ser også den omtala demninga.
Når du har kryssa elva, skal du følgje fjellryggen som skråar fint oppover. Etter om lag 200 høgdemeter flatar terrenget ut. Då er du komen opp på Strandafjellet. Her har du to val: Du kan gå den korte, strake vegen mot Marsåhyrna, eller du kan følgje fjellryggen vidare oppover mot Gråsivatnet.
Det kan vere lurt å gå den bratte, strake vegen opp og den andre ned att.
Her kan du sjå Gråsivatnet, og på den høgre sida kan du skimte ei lita, grå hytte. Denne hytta vart sett opp på slutten av 1990-talet av ungdommar frå Veslebygda og Flo. Hytta fekk det talande namnet Ungkarshytta.
Hytta står open for alle som treng ly for vêret. Elles har hytta vore brukt i samband med jakt og fiske i området.
Hunden tek seg ein liten pause ved Gråsivatnet
Det er eit mektig utsyn frå toppen av Marsåhyrna
Vi ser Flo nede til venstre, Strandsida til høgre, og i bakgrunnen ser vi Erdalen til høgre og Hjelledalen til venstre
Vi ser nedover Strynedalen. Nordfjorden i bakgrunnen
Her ser vi nordvestover mot Sunnmørsfjella. Den litt avrunda, kvite toppen, litt til venstre i bildet er Kvitegga (1700 moh.) Dette er det høgste fjellet i Sunnmørsalpane.
Her ser vi ned til Flo
Foto: Sigrid Flo Standal
Det er mektig å sitje ved kanten av stupet og ta inn over seg det storfelte fjellandskapet.
Endå mektigare må det vere å kaste seg utfor med flygedrakt eller paraglidar slik mange har gjort frå denne toppen.
På heimturen kan det vere interessant å gå om Gråsivatnet og Ungkarshytta. Dette er på ein måte ein omveg, men det er mindre krevjande å gå her enn den strake vegen mot Strandafjellet.
Det er mange som vel å gå over til Flofjellet og Flo. Då gjeld det å ikkje la seg leie for mykje mot høgre. Ta retning mot Rinddalsvatnet som du kan sjå i bakgrunnen.
Foto: Rune Skaar
Tekst: Asbjørn Berge, 2026
Kjelder: Leif Fure og Rune Skaar