Tur til Heimste Botnevatnet
Heimste Botnevatnet
Heimste Botnevatnet ligg mest i enden av Furedalen. Det er eit idyllisk fjellvatn som ligg 841 moh.. I seinare år er det sett opp nokre hytter som ligg fint til ved den heimste enden av vatnet.
På vegen opp Furedalen passerer du Furesetra. Seterdrifta vart lagd ned i 1947, men før den tid var det eit yrande liv her oppe kvar sommar. Det var 9 bønder som setra her.
I dag er det berre to sel att, og berre ein bonde har kyr som beitar i dalen.
Gradering: Middels vanskegrad. Stien er lett å finne og er i bra stand.
Lengd: 2,9 km ein veg frå enden av skogsvegen til Heimste Botnevatnet.
2,0 km ein veg til Furesetra.
Høgdemeter: 540 til Heimste Botnevatnet. 360 høgdemeter til setra
Tidsbruk: 4,5 timar t/r til Heimste Botnevatnet
Sesong: Vår - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av skogsvegen.
Merk: Det er ikkje mobildekning på turen
Turskildring
Når du kjem med bilen til Veslebygda, tek du av frå Flovegen og køyrer gardsvegen til Sollid. Frå Sollid kan du køyre skogsvegen om lag 600 meter vidare oppover. Du kan parkere på plassen som bildet under viser.
Hit kan du køyre utan 4-hjulstrekk
Dersom du har 4-hjulstrekk og bra høgde under bilen, kan du køyre 600 meter vidare på skogsvegen. Då kjem du til vegenden.
Du kan parkere ved vegenden dersom du har 4-hjulstrekk
Det er ikkje langt å gå frå parkeringsplassen før det opnar seg opp, og du får ei flott utsikt mot Oppstrynsvatnet og fjella omkring.
Utsyn frå den bratte Stemmebakken
Etter at du har gått eit stykke (ca. 700 meter), kan du legge merke til eit par store steinar som ligg like ovafor råsa. Dei vert kalla Vedasteinane.
Her lødde dei opp ved som seinare skulle berast til setra. Det fanst nemleg ikkje vedaskog rundt Furesetra – endå mindre enn i dag. Her var det også vanleg å setje frå seg ting som seinare vart bore til eller frå setra.
Grøsvorgrova
Frå Vedasteinane er det berre eit kort stykke til du skal krysse Grøsvorgrova. Som du ser, har flaumvatnet grave eit djupt far ned etter dalsida. Det er Grøsvoregga (1287 moh.) som ligg oppe til venstre i bildet.
Akkurat her, som setreråsa kryssar Grøsvorgrova, kan ein sjå restane etter ein mur, Muren. Denne skulle hindre krøtera i å trekkje for tidleg mot setra. Muren vart vølt kvar vår.
Like framafor Muren og Grøsvorgrova ligg Vikasetra. Bøndene på Lindvik mjølka kyrne sine her før dei vart jaga vidare til setra.
Furesetra ligg 660 moh., og det leid ut i juli månad før graset var langt nok kome til å flytte på setra. Dessutan var det stor fonnfare i dalen.
Vikasetra var den siste kvileplassen for dei som gjekk med tunge børar til setra.
Vikasetra er eit rasutsett område. Kvilesteinen på bildet under, er av nyare dato. Den gamle kvileplassen på Vikasetra låg om lag 50 meter lenger oppe i dalen.
Du nærmar deg Furesetra, og terrenget opnar seg opp. Bak skaret, som du ser midt i bildet, ligg Heimste Botnevatnet. Det er her Fureelva startar si ferd mot Oppstrynsvatnet.
Setrevollen på Furesetra
Setrevollen ligg der som før og gjev godt beite både for sau og storfe. I dag er det berre ein bonde att som har storfe på beite her oppe.
Furesetra
Furesetra er utsett for fonnvind og stormar. Nesten alle sela og fjøsane som stod her då setra var i drift, ligg no i ruinar. Bildet viser tufter der dei stod. I dag er det berre to sel att. Forsikringsselskapa vill ikkje lenger dekkje skaden som naturkreftene voldar.
Furesetra på 1930-talet
Det var på den tid 8 sel og 9 fjøsar. Ein småbrukar hadde fjøs (Nesafjøsen), men ikkje sel. Dei mjølka kyrne til ein annan brukar og fekk nytte selet deira.
Det var folk i alle sela i 1930-åra. Arbeidsdagen var om lag slik som på dei andre setrane i Oppstryn.
Kristian Lindvik, fødd i 1930, fortel i boka til Kjell Råd, Setrar i Oppstryn og Nedstryn, at han var berre 12 år gammal då han og broren på 11 var setregutar den første sommaren.
Dei gjekk til setra med hylkje på ryggen i femtida om ettermiddagen. Det var langt å gå. Turen tok ein og ein halv time. Så var det å finne kyrne og setje dei på bås i fjøsen. Dei mjølka kyrne og sette mjølka i kjøling.
Det kunne bli tid til litt prat og kortspel i eit av sela etter mjølkinga. Men dei måtte tidleg i seng. Allereie i femtida om morgonen vart dei vekte ut av søvnen. Det var ein vaksen som var ansvarleg for vekkinga.
Dei gjekk i fjøsen og mjølka morgonmålet, sleppte kyrne på beite, samla all mjølka i hylkjet og la på heimveg.
Etter ein god frukost heime, måtte dei bli med dei andre i vinja.
Når det leid mot femtida om ettermiddagen, var det å gjere seg klar til setretur igjen.
På slutten av 1940-talet var det ingen som mjølka kyr på Furesetra lenger.
Bildet er henta frå fylkesarkivet
Matias Dispen var flink til å lage hylkje av blekk som var lette og gode å bere på ryggen. Som vi kan sjå, er det fest fatlar til hylkjet. Blekk er tynne, fortinna jarnplater.
Heimste Botnevatnet
Ved Heimste Botnevatnet var det ikkje setrehus, men ein kan sjå ei mura innhegning, truleg for dyr.
I seinare år har det kome opp fire hytter ved dette vatnet. Det er ein idyllisk plass, og det er fisk å få i både Heimste- og Fremste Botnevatnet.
Eigarane av hyttene ved Heimste Botnevatnet er frå venstre: Geir Ove Lindvik, Arve Lindvik, Leif Ljåstad og Birger Ljåstad.
Heimste Botnevatnet. Vi ser mot Strynedalen.
Det er fint å gå langs Heimste Botnevatnet
Det går tydeleg rås innover på vestsida av Heimste Botnevatnet. Vidare opp mot Fremste Botnevatnet er det ikkje rås, men det er ikkje vanskeleg å finne vegen opp.
Dersom du har krefter til det, må du gjerne gå til Fremste Botnevatnet.
Ved utløpet av Fureelva er det bygd opp med stein slik at ein skal kunne kome seg over på den andre sida av Heimste Botnevatnet.
Her er det vanleg å ta vegen vidare mot den populære toppen Marsåhyrna.
Tekst: Asbjørn Berge, 2026
Bilde: Asbjørn Berge og Anne Karin Fure