Fiske i Oppstryn

Strynevassdraget har fleire hovudelvar som renn ut i Oppstrynsvatnet; Glomsdøla gjennom Glomdalen frå nord, Stryneelva i Videdalen der hovudvegen over til Skjåk går, Sunndøla i Sunndalen og Erdalselva i Erdalen. Til desse drenerer fleire sideelvar. Stryneelva renn ut i Innvikfjorden ved Stryn, inst i Nordfjorden.

Oppstrynsvatnet er ein langstrakt djup fjordsjø, berre 29 moh. Elles har feltet få innsjøar. Frå Oppstrynsvatnet renn hovudelva gjennom ein brei jordbruksdal til utløp ved Stryn inst i Nordfjorden.

Fleire elvar, blant anna Videdøla, Sunndøla og Erdalselva er sterkt brepåvirka og karakterisert ved stor sommarvassføring, lita vintervassføring og stor sedimenttransport. Sedimenttransporten har resultert i mange og godt utvikla fluviale formelement som delta, elvesletter og sandurer. Slike geofaglege former er svært instruktive og fortel korleis landskapet vert forma og danna. Særleg verdifulle geologiske forekomstar fins i Sunndalen. Det er også knytta store naturfaglege interesser til botnsedimenta i Sygneskardvatna. I Erdalen ligg morener og breavsetningar frå isavsmeltingsperioden og fleire aktive sandurer.

Vegetasjonen er prega av store lokalklimatiske variasjonar på grunn av dei store høgdeforskjellane og brepåverkninga. Vegetasjonen spenner frå pionersamfunn nær breen til varmekjær edellauvskog ved Oppstrynsvatnet. Eit av Norges største edellauvskogreservat, Flo, med alm-lindeskog, frodig og artsrik undervegetasjon og eit rikt fugleliv, ligg på nordsida av Oppstrynevatnet. På sandurene i Erdalen fins instruktiv vegetasjon som viser ulike suksesjonsstadier; flompåvirka gråorskog, vierkratt og mosedominerte pionersamfunn.

Vassdraget har ein spesiell ferskvasssfauna og Stryneelva opp til Oppstrynevatnet er ei svært god lakseelv. Naturfagleg er Strynevassdraget blant dei rikaste og mest varierte på heile Vestlandet. Stort artsmangfold, stor spennvidde av naturtypar og relativt moderat tekniske inngrep gjer at særleg sidevassdraga i Glomsdalen, Sunndalen og Erdalen har stor referanseverdi.

Dei særmerkte fosselandskapa, brefalla og dei steile fjella står i sterk kontrast til den grøne, frodige vegetasjonen. Dei irrgrønne innsjøane og elvane gjev landskapet stor opplevingsverdi. Fleire av dei sentrale oppstigningsrutene til Jostedalsbreen går opp fra sidedalane.

Jostedalsbreen nasjonalpark dekker Jostedalsbreen og dei øvre delane av Sunndalen og Erdalen. Deltaet i fjorden er utbygd til industri og bebyggelse. Deler av utløpselva er forbygd.

Kjelde: NVE