Fotturar i Fosdalen

Fosdalen strekkjer seg om lag 4,5 kilometer sør-vestover frå Fosnes og endar oppe ved Stryneskåla. Turen innover dalen startar like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Setrevegen til Fosdalssetra er stykkevis ganske bratt. Men stien er rydda, og det er stort sett greitt å gå.
Vidare innover dalen kan det vere fare for snøras tidleg på sommaren, og det kan gå steinsprang i periodar med mykje nedbør.
Dalen har ei spennande histore med jakt- og fangsanlegg under Tafsehyrna og ein gammal ferdsleveg over Tyvareset til Loen.

Det er enkel tilkomst til parkeringsplass. Du kan parkere like ved sida av Rv. 15 ovafor nasjonalparksenteret. Eller du kan parkere på nasjonalparksenteret sitt område på den andre sida av vegen.

  • Fosdalssetra

    Fottur til Fosdalssetra

    Fosdalssetra ligg berre 380 moh. og er den lågast liggande av setrane våre. Turen er likevel krevjande fordi du startar nede ved Oppstrynsvatnet.

  • Tyvareset

    Fottur til Tyvareset

    Turen til Tyvareset har historisk sus over seg. Her gjekk ein gammal ferdsleveg mellom Oppstryn og Loen. Turen er krevjande og går delvis i rasutsett terreng.

Kart over turalternativ i Fosdalen