Fottur til Tyvareset
Tyvareset, 1260 moh.
Gradering: Ekstra krevjande.
Lengd: 5,5 km ein veg.
Høgdemeter: 1220
Tidsbruk: 6,5 timar t/r.
Sesong: Sommar - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved Rv.15 like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.
Merk: Inne i dalen kan det kome snøskred tidleg på sommaren. I periodar med mykje regn er det utrygt for steinsprang.
Det er ikkje mobildekning inne i dalen.
NB! Hunden må gå i band.
Ruta er ikkje nøyaktig teikna inn på kartet. Du lyt sjøv ta ansvaret for å finne ein trygg veg. I den siste delen av turen finn du ikkje ein tydeleg sti.
Turen til Fosdalssetra er skildra i Fottur til Fosdalssetra.
Fosdalssetra
TURSKILDRING
Fosdalen byr på vakker natur og interessante kulturminne frå gammal tid. Seterdrifta vart avslutta før krigen, og i dag er det berre sauer som beitar i dalen.
Du parkerer ved rv.15 like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Frå parkeringsplassen følgjer du traktorvegen som går langs Fosdøla.
Frå setra er det ei tydeleg rås innover dalen. Råsa er av varierande kvalitet, og nokre plassar svingar ho seg gjennom storsteina ur. Du passerer både Setreura og Iljestegura.
På veg mot Bjønjalogjen
Bjønjalogjen
Namnet er frå den tida då det var bjørn i alle dalane våre, og i dei fleste dalane finn vi stadnamn som har bjørn i seg. Kva Bjønjalogjen betyr er litt usikkert. Det kan vere staden der bjørnen brukte å liggje. Terrenget innbyr i alle fall til det.
Råsa vidare frå Bjønjalogjen
Fosdøla
Fosdøla har sitt utspring i fleire brear. Vi ser Fosdalsbreen i himmelsjå midt i bildet. I dalføret opp til venstre på bildet, Vesledalen, ligg ein arm av Skålabreen, og det er fleire mindre botnbrear i fjellsida mot Tyvareset.
Fosdøla
Stien går innover dalen på vestsida av elva - på den høgre sida.
Det låg nyleg ei enkel bru ved Bjønjalogjen. Brua vart dessverre øydelagd av flaum, og ein må no gå langt fram i dalen for å vade elva. Delar av stien vart også borte.
Det er hjorten og sauene som held stien open. Terrenget skråar jamt oppover, og det er fint å gå.
Nokre grantre har “forvilla” seg heilt opp hit. Dei høyrer ikkje naturleg til og bør vel fjernast.
Vi skimtar Fosdalssetra i bakgrunnen.
Terrenget stig innover mot enden av dalen. Råsa mot Tyvareset svingar til høgre bak moreneryggen, Storskredrumpa.
Råsa følgjer Storskredrumpa (moreneryggen) oppover. Det er snøfonner frå Sandvikfjellet som har forma denne ryggen.
Foto: Tarald Harstad
Bildet er teke på veg ned frå Kampen. Her er det god oversikt over den inste delen av Fosdalen.
Det blankskura partiet i fjellet lengst til høgre heiter Flåna. Fjellet er flådd for vegetasjon på grunn av rasaktiviteten.
Bak til høgre ser vi Storskredfjellet (1815 moh.) og til venstre Fosdalskyrkja (1773 moh.). I mellom desse ser vi Tyvareset (1260 moh.).
Foto: Rannveig Marit Mindresunde
Det finst ikkje ei tydeleg rås det siste stykket
Foto: Rannveig Marit Mindresunde
Tyvareset oppe til venstre. Gå langs det steinete partiet.
Foto: Tarald Harstad
Det siste stykket mot Tyvareset
Foto: Tarald Harstad
Tyvareset. Utsyn mot Hjelledalen
Foto: Tarald Harstad
Tyvareset. Utsyn mot Tyvadalen
I gammal tid var det ikkje uvanleg å gå vegen over Tyvareset når ein oppstryning skulle til Loen eller ein loarar til Oppstryn. Distansen var berre halvparten så lang som vegen om Tonning, men det er ulendt terreng og mykje stigning.
Loarane kallar dalen på Losida for Fosdalen, medan oppstryningane brukar namnet Tyvadalen.
Ruta over Tyvareset til Loen har vore lite brukt i nyare tid. Gamle kyrkjebøker fortel at ein mann skal ha omkome på veg over reset. Der står det:
“Omtrent i Midten av Juni Maaned 1832 blev Gaardbruger David Andersen Skarsteen, omtrent 30 Aar gammel, borte i den Isbreed der ligger mellem Opstryen og Loen. Saasnart han savnedes, søgte man efter ham uden dog at kunne oppdage ham. Formodentlig har Uveir eller Ubekjendtskab med Veien foraarsaget hans Endeligt.”
Bildet er henta frå Internet
Utgangspunktet for turen i Fosdalen ligg like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ta gjerne ein tur innom senteret for meir informasjon om natur og kultur i området.
Du kan lese meir om historia og geologien i Fosdalen her.
Tekst: Asbjørn Berge, 2026
Foto: Marit og Asbjørn Berge