Kort om historia og geologien

Fosdalssetra med Tafsehyrna og Fosdalsbreen i bakgrunnen

Ferdslevegen over til Loen

Den gamle ferdslevegen frå Oppstryn til Loen går opp gjennom Fosdalen, over eit res eller skar som er kalla Tyvareset, ca. 1260 moh. og vidare ned gjennom dalen som fører til Loen. Loarane kallar dalen på Losida for Fosdalen, medan oppstryningane brukar namnet Tyvadalen.

Ruta over Tyvareset til Loen har vore lite brukt i seinare år. Men før vegane kom langs Oppstrynsvatnet og langs fjorden mellom Tonning og Loen, var dette å rekne som ein ferdsleveg.

Gamle kyrkjebøker fortel at ein mann skal ha omkome på veg over reset. Der står det: “Omtrent i Midten av Juni Maaned 1832 blev Gaardbruger David Andersen Skarsteen, omtrent 30 Aar gammel, borte i den Isbreed der ligger mellem Opstryen og Loen. Saasnart han savnedes, søgte man efter ham uden dog at kunne oppdage ham. Formodentlig har Uveir eller Ubekjendtskab med Veien foraarsaget hans Endeligt.”

Begrepet “Den vesle istida” vert brukt om ein kaldare periode der breane vaks mykje. Ein kan seie at denne perioden varte frå år 1500 til 1850, og at breane nådde eit maksimum kring 1750. I denne tida og heilt fram mot vår tid, låg det ein bre over Tyvareset.

Akslun Jenssen Løken byksla ein plass under bruk 4 på Berge i 1893. Det vert fortalt at han kjøpte ei kvige på Sæten i Loen. Han tok med seg kviga opp gjennom Tyvadalen, over Tyvareset, ned Fosdalen og inn til Berge. Turen gjekk visst greitt. Dei kvidde seg ikkje på ein umak i dei dagar. (Kjelde: Amund Mork)

I 1935 (1936?) fekk patentførar Jørgen Grønfur i oppdrag av Den Norske Turistforening (DNT) å merke stien over Tyvareset. Ragnar Grønfur var medhjelpar. Stien vart merka, men det førte ikkje til særleg fleire turgåarar.

Tyvareset. Utsyn mot Hjelledalen Foto: Tarald Harstad

Tyvareset. Utsyn mot Tyvadalen Foto: Tarald Harstad

Jakt- og fangstanlegg under Tafsehyrna

I 2017 arbeidde Stryn kommune med ein kommunedelplan for kuturminne. Amund Mork tok då kontakt for å fortelje om ein mur som han hadde oppdaga inn under Tafsehyrna. Han tenkte at denne måtte ha kulturhistorisk verdi, men han vart ikkje teken på alvor med det same.
Rannveig Marit Mindresunde engasjerte seg og tok kontakt med fagmann Runar Hole for å få klarheit i kva som kunne vere forklaringa på denne muren.

Sperremuren under Tafsehyrna. Utkikspost i enden ‍ ‍Foto: Fjordingen

Jakt- og fangstanlegget under Tafsehyrna Foto Fjordingen

Runar Hole, som er ekspert på fangstminne, har bekrefta at steinmuren (merka med raud strek på bildet) er del av eit jakt- og fangstanlegg frå gammal tid. Det er vanskeleg å tidfeste sikkert når anlegget var i bruk, kanskje heilt tilbake til steinalderen – for meir enn 4 000 år sidan.

Bildet ovafor viser korleis ein tenkjer seg at reinsdyra vart drivne mot ein post der jegerar stod klare med spyd og pil og boge.

Sperremuren som vi ser på bildet nr. 2 ovafor, leia reinsdyra oppover ein rygg som gjekk like opp under fjellet. Her kom dyra i trongstig, og jegerar med pil og boge kunne nå dei. Avstanden til dyret måtte vere mindre enn 20 meter for å få inn eit dødleg treff. For å kunne bruke spydet, måtte dyret vere endå nærare.

På nedste enden av veidemuren var det ein utkikspost, langs muren låg det truleg jegerar som skulle hindre flokken i å krysse denne, og opp under det bratte fjellet stod jegerar gøymde bak ein stor stein (raud sirkel på bildet). Det heile var ei velorganisert jakt med mange deltakarar.

Rannveig tok også kontakt med namneforskarar for å få avklara om det var ein samanheng mellom jakt- og fangstanlegget og namnet på fjellet bakafor. Svaret var at det mest truleg var ein samanheng.
Tafn er eit gammalnorsk ord for bytte eller offer. Det er naturleg at ordet er blitt endra til Tafs i namnet Tafsehyrna. Den gamle forklaringa på namnet – at steinura på toppen ser ut som tafsar, held ikkje lenger.

Blåbærvinna

I Fosdalen er det mykje blåbær. I eldre tider var det vanleg å plukke blåbær for å skaffe seg ei ekstra inntekt. 
Ingeborg Sandvik var ekstra flink til å plukke blåbær, og ho var sterk til å bere. Ingebrikt Sandvik fortalde at ho ofte kom frå Fosdalen med ei kipe (vidjekorg) på ryggen full av blåbær. Bæra vog 50 kg og kipa vog 7,5 kg. Ingebrikt hadde sjølv vore med på måle vekta. Ingeborg vart 103 år gammal!

Blåbær er ein ressurs som er lite påakta i dag. Det finst knapt nokon matvarer som er rikare på antioksidantar enn blåbær, og vi veit at effekten av antioksidantar er størst når vi får dei frå naturlege matvarer. Det finst studiar som viser at blåbær kan motvirke kreft og senke kolesterolet.

Blåbær er det mykje av i Fosdalen

Kipe

Ei kipe var ei stor korg som blei brukt til å bære ting, ofte laga av tre eller vidjer. Ho var vanleg i Noreg før i tida, særleg blant bønder og fiskarar, og blei nytta til å frakta høy, ved, torv, fisk eller andre varer. 
Kipa var forma som ei stor korg med reimar eller bøylar slik at ho kunne berast på ryggen. Ho var praktisk for arbeid i ulendt terreng, der kjerre eller slede ikkje var eit alternativ.

Kort om geologiske tilhøve i Fosdalen

Fosdalen er ein rasfarleg dal. I området framafor setra ligg det mykje skredmateriale. Oppe i fellsida på vestsida av dalen, ligg store overhengande flak av stein som ventar “på tur” til å kome. Det kjem steinsprang her med jamne mellomrom. Dette er ein forvitringsprosess som på fagspråket blir kalla eksfoliasjon.

Bildet under viser lagdelinga på vestsida av dalen. Store nedbørsmengder som fyller sprekkene, kan vere nok til å sende av garde store flak av stein frå fjellet.

Foto: Tarald Harstad

Naturskade

I den øvre enden av Fosdalen finn vi fleire botnbrear og hengebrear. Desse breane har gjennom mange tusen år sprengd (frostsprenging) og grave i fjellet. Dette har ført til at det ligg enorme mengder av lausmassar inne i dalen.
Under ekstremvêr med mykje nedbør og varme (smelting frå breane), vert store mengder lausmassar ført med elvane ned gjennom dalen. Elveløpet vert fyllt, opp og det fløymer over. Dette har fleire gongar ført til store skadar.

Propp av tre og røter under gangbrua Foto: Fjordingen

Mykje vatn trengde inn i nasjonalparksenteret Foto: Fjordingen

Under uvêret “Jakob”, som herja i månadskiftet oktober-november 2024, skjedde det som ikkje burde skje. Fosdøla tok med store mengder stein og tre. Det danna seg ein kork under gangbrua ved nasjonalparksenteret, slik at elva tok nytt løp. Store mengder stein og grus vart ført inn på området rundt nasjonalparksenteret, og mykje vatn trengde inn i lokala.
Eit stort oppryddingsarbeid vart utført. Mykje skog er fjerna, og store mengder masse er teke ut av elveleiet. Likevel må ein nok vente fleire slike hendingar i framtida. Det ligg att enorme mengder lausmassar inne i dalen.

Utsyn mot Fosdalskyrkja og Storskredfjellet Foto: Tarald Harstad

Bildet viser nokre av breane som har produsert enorme mengder lausmassar inst i Fosdalen. I dag er breane i ferd med å smelte bort.

Fosdalsbreen, Tafsehyrna til venstre Foto: Rannveig Marit Mindresunde