Turar i Brekkedalen og Rjupedalen
Brekkedalen
Brekkedalen er ein idyllisk, avsidesliggande dal i fjellområdet mellom Brekke og Meland. I gammal tid låg det to setrar her, Brekkesetra og Berstadsetra.
Rjupedalen går rett sørover frå Meland og endar i ein botn med høge fjell bakafor. I Rjupedalen er det to setrar, Melandsetra og Dispasetra. Inst i dalen er det svært godt beite for sau, og her er det fint å gå til Storskredfjellet.
Utgangspunktet for turar i desse dalane er Åning og Meland. På begge stadane er det parkeringsplass, og det er rydda rås over skoggrensa.
-

Tur til Brekkedalen
Ein idyllisk fjelldal med leivningar etter to setrar, Brekkesetra og Berstadsetra
-

Tur til Storskredfjellet
Storskredfjellet er ein majestetisk fjelltopp med storslagent utsyn over fjellheimen vår