Tur til Brekkedalen
Jakthytta ved Instevatnet
Brekkedalen er ein vakker fjelldal som ligg litt vanskeleg tilgjengeleg mellom Brekke og Berstad. I gammal tid var det to setrar i Brekkedalen, Brekkesetra og Berstadsetra. Frå Åning går det ei tydeleg rås som følgjer den gamle setrevegen. Den gamle setreråsa frå Berstad er vanskeleg å finne, og det er bratt terreng.
Gradering: Krevjande. Ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.
Lengd: 9 km frå Åning til Meland
Høgdemeter: 900
Tidsbruk: 7 timar
Sesong: Sommar og haust
Parkering: Du kan parkere på Åning.
Merk: Turen kan sjølvsagt også starte på Meland.
Det er ikkje mobildekning på turen.
Turskildring
Dersom du er i god fysisk form og har litt kunnskap om orientering i terrenget, kan ein tur frå Åning til Meland gjennom Brekkedalen vere eit godt alternativ. Ein litt kortare tur er å gå frå Åning til jaktytta ved det idylliske Instevatnet og så gå den same vegen tilbake.
Du kan parkere bilen din på Åning og gå til Meland eller du kan parkere på Meland og gå til Åning.
Bildet viser råsa som går over ei eng på Åning. Åning ligg 260 moh. og er den høgast liggande garden med fastbuande i Oppstryn.
Dette er starten på turen mot Brekkedalen frå austsida. Ein kan like gjerne starte frå Meland og gå gjennom Brekkedalen til Åning.
Når du har gått over enga, kjem du til utmarka på Åning. Stien svingar seg gjennom eit skogsområde og når etter kvart toppen av eit høgdedrag, Åningehogden. Her er landskapet ope og fritt, og du får eit fint utsyn mot Oppstrynsvatnet og bygdene omkring.
Utsyn frå Åningehogden. Vi ser mot Erdalen til høgre og Hjelledalen til venstre i bakgrunnen.
Utsyn frå Åningehogden mot Flo og Flofjellet.
Det høge fjellet mot himmelsjå i den høgre bildekanten er Stolshyrna (1852 moh.)
Dalføret på den høgre sida av Stolshyrna heiter Rinddalen. På den venstre sida går Vesledalen. Dalføret heilt til venstre fører ned til Vollset i Sunnylven.
Frå Åningehogden går råsa opp ei skrede før ho svingar til venstre mot ei lita flate, Smørhola. Det flate partiet ser du oppe til venstre på bildet.
Her har det nok nyleg gått ei vassdemme.
Dette er Smørhola. Her er det flatt og fint terreng og godt beite for kyr. Det veks ein del smørblomst (engsoleie) her oppe. Kanskje det kan vere forklaringa på namnet?
Kyr unngår å ete smørblomst fordi han inneheld giftstoffet protoanemonin som kan gje diaré.
Frå Smørhola er det fritt utsyn mot grendene rundt Oppstrynsvatnet. Her ser vi Strandsida med litt av garden Nesje nærast, vidare ser vi Fosnes, litt av Erdalen og litt av Hjelledalen. Det bratte fjellet midt på bildet er Hjellehyrna (1368 moh.).
Frå Smørhola går råsa rett oppover til Svarte-svoda, der svingar ho mot Åningselva og følgjer denne vidare.
Smørhola i framgrunnen
Utsyn frå Svartesvoda. I framgrunnen ser vi gardane Åning, Brekke og Tunold – frå venstre til høgre. I bakgrunnen ser vi Flo og Flofjellet.
Råsa følgjer Åningselva eit langt stykke før ho svingar til høgre over reset mellom Storskredfjellet og Brekkefjellet. Reset ligg om lag 1040 moh..
Den første delen mot reset er relativt slak. I den siste delen, før reset, går råsa i mange svingar opp ein bratt grasbakke, Øvstebakken.
Bildet ovafor viser det området der to menn omkom i påska 1947. Dei hadde overnatta i hytta ved Instevatnet. Om natta la det ned mykje snø, og på nedturen løyste dei ut eit skred som tok dei. Ein tredje person vart redda ut av skredet i live, men han fekk store skadar og døydde truleg av skadane nokre år seinare.
Åningselva går somme plassar i djupe gjel nedetter. Dersom du ser nøye etter på bildet ovafor, kan du sjå ei lita bjørk ved elvekanten. Her ligg eit gjel som vert kalla Håkajølet.
Det vert sagt at ein kar frå Håkabruket på Brekke kom ridande på hesten sin og gjekk seg utfor her. Mannen berga seg, men hesten strauk med. Gjelet fekk namn etter denne hendinga.
Bildet under viser ein foss som går ned i Håkajølet.
Åningselva går i fossestryk nedover langs råsa. Vi kan så vidt skimte litt av Breifonna – breen framfor Storskredfjellet. Det lyse “beltet” på fjellet i bakgrunnen viser kor mykje breen har smelta tilbake dei siste hundreåra. Det er ei dramatisk utvikling vi ser. Skal tru kor lenge Breifonna vil eksistere?
Når du passerer denne fjellformasjonen, må du sjå litt nøye etter. Med litt fantasi kan ein sjå fleire ting her.
Fjellhammaren vert kalla Skuten. Det er vanleg at ein bergknaus som stikk fram i terrenget får dette namnet.
Her er Skuten zooma inn. Kva ser du?
Frå skuten og bratt ned mot Åningselva går ei fordjuping i terrenget som vert fylt med snø kvar vinter. Det er eit gammalt teikn at når denne snørenna er smelta bort på tre plassar, er det greitt å gå til Brekkedalen.
Denne vesle sauefamilien har det fint i Brekkedalen. Som vi ser er dei er i godt hold, og dei er reine og fine. Landskapet i dette området gjev godt beite for sau. Dessverre er lønnsemda i sauehalde heller dårleg, og det er ikkje mange sauebønder att i bygda.
Utsyn frå reset mellom Storskredfjellet og Brekkefjellet
Vi ser ryggen som fører mot Storskredfjellet i bakgrunnen
Vi ser ned mot Instevatnet. Bak vatnet kan vi sjå ei hytte som er godt kamuflert i terrenget. Dette var opprinneleg ei jakthytte for gardane Åning, Brekke og Tunold. Hytta stod ferdig i første del av 1930-talet. I dei seinare åra har ho vore lite i bruk.
Råsa til hytta går gjennom vierkratt langs nordsida av Instevatnet.
Oppstryn IL har ein fjelltrimpost ved hytta og dette idylliske Instevatnet. Det er ei heller bratt og tung vandring opp hit, men turen er verdt slitet.
Instevatnet ligg 1020 moh.. Her ser du tilbake mot reset der råsa frå Åning passerer. Råsa til Brekkedalen går vidare ned ein bratt bakke på den høgre sida av bekken som vi kan sjå på bildet.
Brekkedalsvatnet/Ytstevatnet. Bak reset ligg Instevatnet
Brekkedalsvatnet/Ytstevatnet. Utsyn vestover.
Foto: Inge Guddal
Det er fisk å få i Ytstevatnet
Brekkesetra
Vi ser murane etter ein fjøs i framgrunnen, og lenger bak kan vi sjå murane etter selet. Der var truleg berre eitt sel som dei brukte i lag – og fleire fjøsar.
Brekkesetra ligg ved den nedre enden av Brekkedalsvatnet. Jon Aaning fortel i boka til Kjell Råd, Setrar i Oppstryn og Nedstryn, at bestemor hans, Elisabet Aaning, vart gift til Åning 1902. Ho var truleg den siste setrejenta i Brekkedalen. Truleg var det slutt på seterdrifta like etter 1900.
Her ser vi den nedre delen (vestre delen) av Brekkedalen. I bakgrunnen ser vi Holtafjellet eller Blåfjellet (1478 moh.) og Botnenibba (1372 moh.) heilt til høgre.
Det ligg murar etter sel og fjøs heilt framme på kanten, rett bak moreneryggen som vi kan sjå på bildet. Her hadde garden Berstad si seter, Berstadsetra. Det var ein bratt setreveg frå Berstad og opp hit, og i dag er det vanskeleg å sjå att den gamle setreråsa. Men hjorten går her, og det er mogeleg å finne fram.
Foto: Inge Guddal
No er det berre nokre låge murar att av den gamle Berstadsetra. Som vi kan sjå, ligg setra idyllisk til med fint utsyn mot Strynedalen.
Det er ikkje nokon som kan fortelje om livet på denne setra i dag, og vi veit lite om setrehusa.
Foto: Inge Guddal
Det veks til med einer rundt murane
Frå den nedre delen av Brekkedalen er det ikkje så vanskeleg å kome seg over i Rjupedalen. Desse sauene går i det området der det er naturleg å ta vegen.
Dei to fjelltoppane midt i bildet er frå venstre: Kyrkjenibba (1400 moh.) og Steindalsegga (1366 moh.)
Vi ser mot Rjupedalen. I bakgrunnen Geitafjellhyrna (1628 moh.) og Dispahyrna (1481 moh.).
Her er det store område med gras og lyngmark – eit godt beiteområde for sau.
Når du kjem over mot Rjupedalen, bør du skråe litt innover mot botnen av dalen.