Fotturar i Skaardalen
Skaardalen strekkjer seg om lag 2 km relativt bratt oppover i nordvestleg retning frå Veslebygda. Det er berre ei seter i dalen, Skaarsetra.
Den gamle setrevegen frå garden Skaar til Skaarsetra er fint rydda, og her er den beste vegen å gå for å kome til den vakre Skaardalen.
Skaarsetra ligg svært fint til i ei søraustvend skråning med flott utsyn mot Oppstrynsvatnet. Dersom du er i god form, kan du gå vidare til toppen av Skaarfjellet, 1073 moh..
-
Fottur til Skaarsetra
Ein fin tur som gjev eit mektig utsyn mot Oppstrynsvatnet og fjella omkring
-

Fottur til Skaarfjellet
Det er greitt å gå vidare frå Skaarsetra til Skaarfjellet. Heile vegen får du eit storslege utsyn mot Oppstryn
Kart over turalternativ i Skaardalen