Tur til Skaarsetra

Blått turmerke - Middels tur

Utsyn frå Skaarsetra

Skaarsetra ligg fint til om lag 600 moh.. Råsa er fint rydda, men somme plassar er det bratt å gå.
Når du kjem opp til setra, opnar landskapet seg, og du får eit mektig utsyn mot Oppstrynsvatnet og fjella omkring.

Nokre fakta om turen

Gradering: Middels vanskegrad. Stien er nyleg rydda. Litt bratt i enkelte parti.

Lengd: 1,7 km ein veg frå parkeringsplassen på Skår.

Høgdemeter: 370

Tidsbruk: 3 timar t/r.

Sesong: Vår - haust

Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen på Skår.

Turskildring

Når du kjem med bilen til krysset ved Storesunde, tek du av frå Rv. 15 og køyrer Flovegen i ca. 2 km. Ved Eikeneset tek du av og køyrer 1,5 km oppoverbakke til Skaar.

Bildet over, viser kvar du kan parkere. Køyr inn dit personen på bildet står. Der vil du sjå eit parkeringsskilt.
Du går bortover skogsvegen, og etter 200 meter kjem du til Konnkvia. Her er det fint utsyn over Nedrefloen og nedover mot Stryn sentrum.

Utsyn frå Konnkvia

Etter 600 meter kjem du til eit basseng som er ein del av eit vatningsanlegg. Det vart gravd ut i 1980 i samanheng med bygginga av skogsvegen.

Bassenget i haustfargar

Det stod to gardfjøsar på nedsida av vegen ved bassenget. I tillegg stod den bygningen som du kan sjå på bildet. Dette er eit grisehus og står i dag på Nordfjord Folkemuseum.

Du går forbi dammen og eit lite stykke vidare. Der vil du sjå eit skilt som viser vegen til Skårsetra.

Setreråsa går i variert terreng

Råsa svingar seg ganske bratt oppover gjennom skogen. Men innimellom opnar landskapet seg opp, og du får fine glimt av vatnet og fjella omkring.

Utsyn frå setreråsa mot Holmevik, Årnes, Tunold og Hjelle

Her er du på Kvile (410 moh.) og du er halvegs til setra

Etter gammalt var det ein kvileplass på setrevegen, Kvile. Her er det lagt til rette med steinar som du kan sitje på.
Det var tre setrejenter/-gutar som gjekk til setra, og kvar av dei fekk ein kvilestein med to høgder. Det vart laga slik for at dei skulle kunne setje seg ned på den nederste steinen og få avlasting og kvile for mjølkehølkje på ryggen - utan å ta det av.

Etter at du passerer Kvile, opnar terrenget seg gradvis opp. Når du kjem endå litt høgare (ca. 550 moh.), rundar du fjellet og kjem til Skaardalen på den andre sida.

Her rundar du fjellet og kjem over i Skaardalen. I midten av 1930-åra vart det løyvd pengar for å utbetre råsa akkurat her. Det vart sprengd fjell og mura sti forbi dette farlege partiet. Før den tid var det berre ein streng å halde seg i.

Her er du oppe på Skaarsetra

Ytste-Skaar-selet

Ytste-Skaar-selet til venstre. Eikenes-selet til høgre

Foto: Bodil Dybevoll (- frå boka Setrar i Oppstryn og Nedstryn)

Det var to bruk på Skaar og Eikeneset (eitt bruk) som hadde seter her oppe. Vi ser Inste-Skaar-selet til venstre, Eikenes-selet i midten og Ytste-skaar-selet til høgre.
I dag står berre to av desse sela att.

Etter 1947 har det ikkje vore mjølking av kyr på Skaarsetra. I den tid setra var i drift var det også to fjøsar her oppe. No er dei borte.

30 meter nedanfor sela på Skaarsetra renn det ei grov frå Skaarelva  innerst i Skaardalen, forbi setra og ned til Skaar. Dette var tidlegare vassforsyninga til gardane på Skaar i sommarhalvåret. Grova måtte vølast kvart år etter vinterens herjing.
Både Skaarelva og grova var vasskjelde for fleire gardar i Veslebygda. 

Utsyn frå Skaarsetra

Skaardalen med Grøsvoregga i bakgrunnen til venstre

Utsyn mot Rjupedalen

Bildet ovanfor viser botnbreen i enden av Rjupedalen, som ligg mellom Storskredfjellet og Dispahyrna.
For 100 år sidan var breen så stor at han gjekk heilt fram på kanten der vi ser elva Rjupa kome til syne på bildet.

Tekst og bilde: Rune Skaar, 2026