Fottur til Skaarfjellet

Skaarfjellet

Skaarfjellet ligg akkurat på grensa mellom Oppstryn og Nedstryn. Knapt nokon tur gjev deg eit betre utsyn over heile Strynebygda - både Oppstryn og Nedstryn.
Det er verd å ta turen ut på ei hylle i fjellet som vi kan kalle Utsikta. Her har du fritt utsyn både oppover til Oppstryn og nedover Strynedalen.

Du tek av frå rv. 15 ved Storesunde og følgjer Flovegen i om lag 2 km. Ved Eikeneset køyrer du om lag 1,7 kilometer oppoverbakke til garden Skaar. Her vil du finne ein skilta parkeringsplass.

Gradering: Krevjande. Stien er nyleg rydda. Litt bratt i enkelte parti.

Lengd: 3,3 km ein veg 

Høgdemeter: 840

Tidsbruk: 6 timar t/r.

Sesong: Sommar - haust

Parkering: Du kan parkere på på garden Skaar.

Stien er ikkje nøyaktig innteikna

Turskildring

Turen frå Skaar til Skaarsetra er skildra her.

Frå setra til toppen av Skaarfjellet er det ikkje nokon fast sti. I tidlegare tider når ein var ute i ærend som ettersyn, sanking, jakt eller som ein transportetappe, var det vanleg å gå frå setra og på skrå nordover mot Skaarelva. Deretter følgje ryggen ved elva oppover mot dalbotnen og oppå Bendelskarreset. Der er ein rett bak platået på Skaarfjellet og kan velje om ein vil gå vestover til Sundsdalen, nordover til Vesleblåfjellet/Grøsvoregga, eller frampå Skaarfjellet.

I dag er dei fleste turgåarar interesserte i det beste og mest spektakulære utsynet. Då er det beste valet å gå ved kanten av fjellet frå setra til toppen. Uansett val av rute har ein eit fantastisk utsyn mot Oppstryn, går ein på kanten av fjellet får ein eit like fantastisk utsyn over Nedstryn og ut i fjorden. Grensa mellom Oppstryn og Nedstryn går dessutan midt på Skaarfjellet.

På 770 moh. ligge ei fin fjellhylle som vi kan kalle Utsikta. Der får ein det beste utsynet mot både vest, sør og aust. Rett ovanfor kjem ein til det brattaste partiet på turen. Går ein 100 – 200 meter til høgre kan ein få ei enklare oppstigning.  Når ein er på toppen står der to vardar, ein i aust og ein i vest på platået. På toppen av fjellet ligg der fleire småvatn, utan fisk men kan nyttast til bading.

Eit ørnepar har hatt tilhald her i fleire år, kan kome brått nær på når dei rundar fjellet. Våren ser ein ofte ryper her, før dei trekkjer vidare etter å ha overvintra i skogkanten ved setra.   

Skaarsetra

Skaarsetra ligg idyllisk til med eit mektig utsyn mot Oppstrynsvatnet og fjella omkring.

Dersom du ønskjer å få det beste utsynet både oppover bygda og nedover mot fjorden, må du følgje ryggen langs kanten av fjellet oppover mot Utsikta.

Den vanlege og lettaste ruta til Skaarfjellet går langs ryggen ved Skaarelva. Vi ser Skaarelva nede til venstre på bildet.

Vi ser Skaardalen i framgrunnen. I retning mot den høgre enden av det grøne vatnet kan vi skimte setra. Det flotte utsiktspunktet Utsikta, finn vi der vi kan sjå eit lite skar langs kanten av fjellet.

Dei ulike turmåla sett frå garden Skaar

Utsikta

I framgrunnen kan vi sjå fjellhylla som gjev fri utsikt både oppover og nedover bygda. Fjellhammaren som vi kan sjå i den høgre bildekanten, gjev ly mot nordavinden.

Utsikta

Hunden er også imponert over utsynet.

Utsikta

Vi kan sjå langt utover Nordfjorden

Frå Utsikta er det to alternative ruter vidare mot Skaarfjellet. Dersom du ikkje har høgdeskrekk og har litt erfaring med enkel klatring i fjellet, kan du gå den ruta som er teikna inn i bildet. Ein litt lettare veg finn du ved å gå 100 -200 meter lenger mot høgre.

Dersom du vel å gå den vanlege ruta opp langs Skaarelva, kan du følgje denne ryggen.

Ryggen langs Skaarelva. Vi ser mot botnen av Skaardalen. Bendelskaret i himmelsjå.

Du kan møte både rype og ørn på turen

Skaarfjellet. Utsyn frå den vestre varden

Ei fin tjørn å bade i på varme sommardagar. Merk deg forma.

Tekst og bilde: Rune Skaar