Turar i Skjerdingsdalen
Skjerdingsdalen strekkjer seg om lag 9 kilometer rett nordover frå Jøl bru inst i Hjelledalen. Den gamle setrevegen slyngar seg fram gjennom den trange dalen langs eit djupt gjel. I det partiet som heiter Glæra, er vegen sprengd ut av fjellet. Før 1853 var det ikkje mogeleg å gå denne vegen. Då måtte dei jage krøtera ein omveg på meir enn to mil, over Nautebreen 1400 moh..
Framafor Glæra opnar dalen seg opp, og ein kan sjå den idylliske Skjerdingsdalssetra. Her går det mykje storfe og beitar og held vegetasjonen nede.
Eit steinras sperrar for tida vegen gjennom Glæra, og det er ikkje tilrådeleg å ta seg forbi.
I dag går Rv15 (Strynefjellsvegen) forbi Skjerdingdalssetra, og det er stor parkeringsplass ved setra.
-

Den gamle setrevegen til Skjerdingsdalssetra
Dette er ein spektakulær setreveg med ei lang og spennande historie
-

Tur til Skjerdingsdalsbotnen
Det er rydda sti langs austsida av Skjerdingsdøla til enden av dalen, Skjeringsdalsbotnen
Kart over turalternativ i Skjerdingsdalen