Den gamle setrevegen til Skjerdingsdalssetra
Skjerdingsdalssetra. Glæra i bakgrunnen
Skjerdingsdalssetra ligg idyllisk til like ved Rv. 15 mellom Ospelitunnelen og Grasdalstunnelen. I dag kan ein køyre til setra, men før den nye vegen over Strynefjellet stod ferdig i 1978, gjekk setrevegen forbi det bratte fjellpartiet Glæra. Her er det eit dramatisk landskap, og det er ikkje få krøter som har hamna i gjelet her.
Den gamle setrevegen tok av frå bilvegen ved den imponerande Jølbrua, og her i frå er det om lag 4,5 kilometer å gå til setra.
Dessverre er vegen for tida stengd av eit steinras i Glæra. Det er eit vanskeleg og kostbart arbeid å opne vegen att så det kan ta tid. Men vi tek likevel med ei skildring av denne turen.
Gradering: Middels vanskegrad. Litt smalt gjennom Glæra. Vegen går langs eit djupt gjel.
Lengd: 4,5 km ein veg.
Høgdemeter: 360
Tidsbruk: 4,5 timar t/r.
Sesong: Vår - haust
Parkering: Du kan parkere ved Jøl bru
Merk: Vegen er no stengd i Glæra. Det er ikkje forsvarleg å passere rasstaden!
Det er gått fleire år sidan stien sist vart rydda.
Kartet under viser den gamle setrevegen til Skjerdingdalssetra (- blå linje).
Den raude streken viser at ein kan gå ein omveg over den nye brua litt lenger inne i dalen.
Turskildring
Den knapt 5 km lange turen mellom Jøl bru og Skjerdingsdalen kan ein gå begge vegar. Utgangspunktet er anten Jølbrua eller Skjerdingsdalssetra som ligg ca 600 moh. litt ovanfor der Skjerdingsdøla og Grasdøla møtest. Rv15 som opna for ferdsel i 1978, går tett forbi setra.
I denne omtalen startar turen ved den imponerande Jølbrua; ei kvelvingsbru frå 1883 som var føresetnad for bygging av den gamle Strynefjellsvegen. Under brua renn Skjerdingsdøla på sin veg frå Skjerdingsdalen til Hjelledalen. Frå brua går setrestien bratt opp Åsen på vestsida Skjerdingsdøla.
Jølbru frå 1883
Jølet sett frå brua, nesten 60 meter djupt
På høgre side av stien opp den første bakken, ligg restar etter ei vaktbu frå 2.verdskrigen. Den vart bygd av tyskarane. Dei hadde døgnvakt her for å sjå til at det ikkje vart utført sabotasje på Jølbrua som var strategisk viktig for sambandet mellom Aust- og Vestlandet.
Restar etter tyskarane si vaktbu
Lenger opp ligg Smørsteinen som var kvileplass for dei som i tidlegare tider frakta mjølkeprodukt heim frå setra. Seinare passerer ein Åseledet, der det før i tida var gjerde og led for å unngå at dyra i utmarka på Skåre, tok vegen til seters på eiga hand.
På andre sida av elva ligg Ospelida, der det i si tid skal ha budd ein fredlaus
(truleg på 1400-talet). Det er tydlege merke etter hustufter i fjellsida som har bratt tilkomst og som berre er tilgjengeleg for kjentfolk.
Setrestien etter at den nyleg var rydda
Etter ei stund tek stien ein krapp 90 grader sving ved passering over Styggejølet og flatar så ut før litt unnabakke fram over Urene. Der brukar det legge seg ei stor snøfonn over stien. Fonna kan ligge til langt ut over sommaren, men er råd å passere.
Deretter krysser stien ein stor bekk og går opp ei steinete ur før den kjem opp på Selebotsvodene der stien endrar karakter og etter kvart går gjennom skog av fjellbjørk.
Nedanfor ein stor stein høgare oppe på venstre side, ligg «Brennevinsgrova» som tidlegare gav tilgang på kaldt kjeldevatn til dei som passerte. Siste åra har vatnet truleg teke nye vegar for i dag er der lite vatn å finne.
Stien held fram i fjellbjørkeskogen og før den går opp den bratte Glærebakken, ser ein den endå brattare Bukkehamnen på andre sida av jølet. Namnet skriv seg nok frå den tida det var geiter på setra.
Stien går gjennom eit dramatisk og fasinerande landskap, der jølet under Glæra ligg ca 200 meter nedanfor stien. Etter passering av Glæra kjem ein til restane etter Glæreledet som er grensa mellom utmarka til Skåre og Skjerdingsdalssetra.
Glæra med blankskura svoder både ovanfor og nedanfor stien
Eit steinras sperrar vegen gjennom Glæra. Her er det ikkje forsvarleg å passere.
Skjerdingsdalssetra sett frå Glæra
Fossen der Skjerdingsdøla kastar seg ned i gjelet
Tjønnhojen
På vegen fram mot setra passerer ein Tjønnhojen som er ei endemorene etter uttallige, likedanna skred som har renska fjellsida ovanfor for lausmassar og lagt dei på same staden.
Geitekloppa
Det er ikkje langt å gå frå Tjønnhogjen til Geitekloppa. Der kan ein gå over Skjerdingsdøla på ei enkel wirebru. Eit enkelt tredekke vert demontert før vinteren og lagt ut igjen på våren. Deretter er det kort tur på ein knapp kilometer fram på setra.
Ei ny solid bru med stålbjelkar eit stykke lenger framme i dalen
I staden for å gå over Geitekloppa, kan ein følgje stien framover langs elva til ein kjem til ei større, nyare og permanent bru med stålbjelkar. Brua ligg framanfor setra, like heimanfor Tverrelva, som renn ned frå Setreskarhynna. Ho blir brukt av både storfe og sauer.
Skjerdingsdalssetra ligg idyllisk til på eit lite høgdedrag. Vi ser mot Glæra.
Setra sett frå Rv15
Tekst og foto: Berit Wetlesen og Jørgen Skåre, 2025