Kort om historia til Skjerdingsdalssetra
Skjerdingsdalssetra med Glæra i bakgrunnen
Skjerdingsdalen er ein grøderik seterdal som i tidlegare tider var lite tilgjengeleg der den ligg inne i fjellheimen nordaust i Oppstryn og strekker seg med ein arm mot Geiranger og ein mot Grasdalen og Skjåk.
Det er ein gamal seterdal som truleg var i bruk både i det 15. og 16. århundre, men som var unytta først på 1700-talet grunna store klimaskifte med framvokster av brearmar.
På hausttinget i Stryn 16.oktober 1730 vart følgjande kunngjort frå styresmaktene:
«Som alle veit, har fleire gardbrukarar i Grov, Guddal og Skåre i tidlegare tider hatt sommarbeite i grøderike Skjerdingsdalen. I lang tid har denne seterdrifta vore nedlagd, For at denne grødrike dal ikkje skal ligge unytta, men kome i bruk som i tidlegare tider, vert det hermed kunngjort at alle som vil vere med å setje vegen gjennom Tystigen i stand og ta dalen i bruk, for framtida skal eige og bruke dalen med skog og mark og alle herlegdomar».
Opprinneleg var det 13 gardbrukarar som vart eigarer, men seinare har mange fleire komne til m.a. frå Strandsida. I dag er det gardsbruk frå Skåre, Grov, Grønfur, Mork, Dårflot og Fosnes som har seter her. Etter rettsavgjerd i 1988 er det totalt 37 eigarar i sameiget, dei fleste med små andelar utan aktiv gardsdrift. Talet på gardsbruk med dyr på setra har vore synkande siste ti-åra.
I tidlegare tider var det krevjande å kome seg til Skjerdingsdalen. Opprinneleg gjekk turen truleg frå Tystigen via Grasdalen til Skjerdingsdalen. Då setra fekk nytt liv etter 1730 gjekk setrevegen frå Glomnesstranda, inn heile Glomsdalen som er om lag ei mil lang, over Nautebreen og ned i Skjerdingsdalen. Den gongen låg setra midtvegs ned i Skjerdings-
dalen ved Gamle setrekulen, ein knapp kilometer lenger inne i dalen enn den svære steinen kalla Kyrkja.
Den lange og strabasiøse setrevegen tok eit par dagar både for dei som kom frå Hjelledalen og frå Strandsida. Då heimferda i 1851 råka ut for uvær og storm over Nautebreen, såpass at 20 av dei likaste mjølkekyrne vart liggjande att på breen, vart spørsmålet om ny drifteveg presserande.
Året etter starta arbeidet med å vøle og forbetre stien gjennom Glæra slik at det vart råd å gå der med krøtera. Før den tid kunne folk på eit vis gå der etter line.
Driftevegen gjennom Glæra var ferdig i 1853. Dynamitten vart ikkje oppfunnen før i 1866, så dei nytta grove borehol og minekrut og skaut ei hylle i ei strekning på knapt 100 m langs fjellet. Vegen vart vel 1 m brei.
Samstundes vart setra flytta nokre kilometer frå Gamlesetra og ned til der ho ligg i dag – der Skjerdingsdalen og Grasdalen går i hop.
Betre tilkomst førte med seg stadig større bruk av dalen. Størst aktivitet var det på slutten av 1800-talet og ut på 1900-talet med både storfe, sauer, geiter, griser og hester. Ei tid var det også eige meieri på setra.
Under den store arbeidsløysa på 1930-talet vart det løyvd statleg sysselsettingstilskot til utbetring av vegen gjennom Glæra. Arbeidet kom ikkje i gang før etter krigen, men då vart vegen utvida slik at han vart 2 m brei. Han vart jamna til og vart tryggare å gå både for folk og fe. Arbeidet var ferdig i 1948.
Frå då av var det dugnad på vegen kvar vår frå Jøl bru og til Skjerdingsdalen for å halde setrestien ved like og rydde opp etter fonner og steinsprang.
Mykje endra seg etter bygging av heilårsvegen over Strynefjellet. Rv15 opna i 1978. Etter den tid har alt storfe og det meste av småfe vore frakta med traktor eller bil til og frå Skjerdings-
dalssetra.
Det var bruk på Skåre som nytta den gamle setrevegen til sau i ytterlegare innpå 40 år.
Seinare er setrevegen gjennom Glæra vorte mest til glede for off-pist syklistar og turgåarar.
Med endra klima og stadig meir steinsprang i fjellsida gjennom Glæra, er det ikkje lenger trygt å gå der i periodar med store nedbørsmengder. Etter at ei stor steinblokk sperra stien gjennom Glæra i 2022, har setreeigarane engasjert seg for å skaffe midlar til utbetring av dette unike kulturminnet som setrevegen til Skjerdingsdalen er. Inntil naudsynte tiltak er gjort, er det sett opp fareskilt mot å gå gjennom Glæra.
Det er likevel mogleg å ta turen frå begge sider utan å passere gjennom sjølve Glæra.
Glærestien skada av steinras i 2022
Naturlandskap og botanikk
Skjerdingsdalen er del av eit heilskapleg glasiologisk miljø der prosessar og avsetjingar frå isavsmeltingsperioden etter siste istid (ca 1500-1920) og fram til i dag er særleg instruktive.
Like ved samløpet Skjerdingsdøla/Grasdøla ligg ein imponerande skredvoll med vatn i den tilhøyrande skredgropa. Ei markert sidemorene ved Skjerdingsdalssetra vart delvis øydelagd ved masseuttak då Rv 15 vart bygd.
Det djupe jølet nedanfor Glæra strekkjer seg heilt ned i Hjelledalen og er tydeleg resultat av erosjon etter breelv frå isavsmeltingstida.
I Skjerdingsdalen og Grasdalen er det bratte fjellsider med stor skredaktivitet. Av den grunn inngjekk styret for Skjerdingsdalen sameige, i 1982 avtale med Norges geotekniske institutt om etablering av ein forskingsvoll (bremsevoll) i Ryggfonna, som ligg i vestre enden av Grasdalen. Målingar av hastigheit, trykk m.m., gjev grunnlag for rådgjeving ved bygging av fonnvern andre stader med omsyn til storleik og trykkbelasting m.m..
Vegetasjonen langs Skjerdingsdøla gjennom Glæra vart kartlagt på tidleg 1980-tal i samband med planar for kraftutbygging i Breheimen. Den dokumenterte store botaniske verdiar med eit særleg rikt plantemangfald og spesiell vegeta-
sjon forårsaka av elva og fosselandskapet. Pga. det fuktige og kjølege klimaet i jølet, veks der plantar som normalt høyrer heime i andre geografiske område.
The gorge seen from the trail up Åsen
Text and photos: Berit Wetlesen and Jørgen Skåre, 2025.