Fottur til Skjerdingsdalsbotnen

Bildet viser ein rasteplass med fint utsyn mot
Skjerdingdalssetra og Skjerdingsdalen.

Skjerdingsdalen er ein god hamnedal for storfe, og det er mange kyr som beitar her og held vegetasjonen nede.

Setra ligg idyllisk til på eit lite høgdedrag ikkje langt frå Rv 15 (Strynefjellsvegen). Ovafor setra er det avkøyrsle til ein stor parkeringsplass. Denne er utgangspunktet for fotturane i Skjerdingsdalen.

Skjerdingsdalsbotnen, som er målet for denne turen, ligg i enden av dalen. På turen får du sjå mektige fjell og brear, og du får eit lite innblikk i historia til denne setredalen.

Heimste - og Fremste Sandskaret er ynda område for topptur-entusiastar på randone-ski.

Det er fjellrekkja som du ser på bildet, som har gitt namn til dalen. Ho liknar ein skjerding, ein reiskap som dei brukte i gamle dagar over grua for å justere avstanden mellom elden og gryta.

Gradering: Middels vanskegrad. 

Lengd: 4,5 km ein veg.

Høgdemeter: 200

Tidsbruk: 3,5 timar t/r.

Sesong: Vår - haust

Parkering: Du kan parkere ved Skjerdingsdalssetra

Merk: Det kan vere vått i stien. Stien er ikkje merka.
Det er ikkje mobildekning på turen.

Den blå linja viser stien mot Skjerdingsdalsbotnen og Flydalsreset. Den raude viser den gamle setrevegen over Nautebreen.

Skjerdingsdalssetra. Vi ser mot Glæra.

Turskildring

Frå parkeringsplassen ovanfor setra går ein smal sti skrått unnabakke til det flatar ut nede i dalbotnen. Vidare følgjer stien langs Skjerdingsdøla, på austsida av elva, innover dalen. 

Etter at du har gått om lag 600 meter, passerer du ei relativt ny, solid bru over Skjerdingsdøla. Du skal ikkje gå over brua, men halde fram på austsida av elva.

Ny bru over Skjerdingsdøla

Det er berre eit kort stykke vidare til Tverrelva. Stien tek her ein sving opp mot fjellet, over ei lita bru. Det kan vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Tverrelva om du ikkje finn brua.

Her ser du den vesle brua over Tverrelva.

Tverrelva kjem frå Setreskarvatnet (1252 moh.), og ho kan gå ganske stor under snøsmeltinga og i regnvêrsperiodar.

Råsa mot Skjerdingsdalsbotnen går langs elva lange stykke.
På bildet over ser vi  Flydalsreset (bakarst i dalen) i den høgre bildekanten. Bak i dalen mot venstre kan vi sjå Tverrbotnen som fører opp til Nautebreen.

På vegen mot Skjerdingdalsbotnen kan du sjå desse to skara på vestsida av dalen. Til venstre på bildet ser vi Heimste Sandskaret. Bak dette ligg Midtstolhyrna (1775 moh.). Til høgre ser vi Fremste Sandskaret som fører opp mot Stolshyrna (1646 moh.).

Begge desse skara er ynda område for toppturentusiastar på randonèski.

Like før ein kjem fram til det kjende kjennemerket Kyrkja, vil ein sjå denne idylliske tjørna.
I bakgrunnen ser vi Fremste Sandskaret som fører opp til Stolshyrna.

Kyrkja i vinterskrud

Kyrkja er eit tydeleg kjennemerke i landskapet. Det er ein stor stein som står på ende, og stien går rett forbi.

Avstanden frå setra til Kyrkja er om lag to kilometer. Det er ein fin tur å gå både sommar og vinter.

Utsyn frå Kyrkja mot Skjerdingsdalsbotnen. Flydalsreset til høgre og Tverrbotnen til venstre i bakrunnen.

Når du passerer Kyrkja, opnar terrenget seg litt opp, og stien er grei å finne vidare innover dalen til Gamle Setrekulen (ca 700 moh.).
Det var her setra låg i den tid dei måtte jage krøtera over Nautebreen for å kome til Skjerdingsdalen. Groper i terrenget syner spor etter gamle seltufter.

Stien går vidare til Skjerdingsdalsbotnen. Det er også mogleg å ta turen opp på Flydaslsreset som ligg ca. 1100 moh.. Oppe på flata ligg eit lite vatn. Lenger inne er det to vatn til. Lengst inne ser ein ned til Flydalen i Geiranger.
Det er bratt og vanskeleg terreng, og det er ikkje tilrådeleg å gå utan sikring.

Skjerdingdalsbotnen Foto: Ane N Grønfur

Elva på bildet kjem frå Flydalsreset. Til venstre går dalføret som fører opp til Nautebreen.

Les meir om historia til Skjerdingsdalssetra her.

Tekst: Jørgen Skåre
Bilde: Marit og Asbjørn Berge