Fotturar i Glomsdalen
I Glomsdalen er det heile fem setrar, mange gamle kulturminne, ein gamal fjellgard og mogelegheit for fantastisk utsikt over Oppstryn.
Det går ikkje lenger storfe og beitar i dalen, og det er heller ikkje så mange sauer å sjå. Om ikkje så mange år har hjorten truleg heile dalen for seg sjølv.
På denne sida har vi samla eit knippe turar du kan gå i Glomsdalen. Du finn og PDF-fil til naturstien i Glomsdalen.
Merk: Glomsdalen har ikkje mobildekning.
-

Natursti i Glomsdalen
Her kan du laste ned PDF til naturstien i Glomsdalen
-

Fottur til fjellgarden Segestad
Segestad ligg vakkert til på ei fjellhylle 315 meter over havet. Den nedlagde fjellgarden gjev oss eit innblikk i den norske landbrukshistoria.
-

Fottur til Glomnesfossen og Hellskora
Glomnesfossen er mektig under snøsmeltinga og i periodar med mykje regn. Hellskora gjev oss eit panoramabilde over Oppstrynbygda.
-

Fottur til Glomnesnakken
Turen til Glomnesnakken er den kortaste fjellturen du kan gå i Oppstryn. Men utsynet frå toppen kan måle seg med det meste.
-

Rundtur i Glomsdalen
På denne rundturen får du sjå fjellgarden Segestad, Segestadsetra og Glomnessetra.
-

Fottur til Nos
Nos er ei seter med ei lang historie. Huldresteinen, ein skålgropstein, vitnar om at her har budd folk heilt tilbake til bronsealderen.
-

Fottur til Stol
Utgravingar har vist at det har vore stor aktivitet på Stol gjennom historia. Her er det funne kokegroper og kolgroper, og det ligg ein skålgropstein ved setra.
Kart over turalternativ i Glomsdalen