Tur til Stol

Rødt turmerke - Krevjande tur
Stol med utsyn heimover Glomsdalen

Setra Stol ligg vakkert til på eit høgdedrag langt inne i Glomsdalen. Det er om lag 9 km å gå frå parkeringsplassen ved Glomnes og 650 høgdemeter. På vegen til Stol (680 moh.) passerer du to setrar, Glomnessetra (400 moh.) og Midtstøylen (620 moh.). Ved Stol er det registrert fleire freda kulturminne.

  • Gradering: Krevjande. Dette er ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i ujamt terreng.

  • Lengd: 9 km ein veg.

  • Høgdemeter: 650

  • Tidsbruk: 8,5 timar t/r.

  • Sesong: Sommar og haust

  • Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen som ligg ca. 200 meter frå Glomnestunet. Hugs å betale avgift!

  • Merk: Turen går i område utan mobildekning, last gjerne ned turbeskrivelsen før du går. Tidleg på sommaren er det vanleg at det ligg fonner over dalen ved Utfalla.

Last ned PDF med turbeskrivelse
Bilde av kart over tur til Stol

Turbeskrivelse

Like ved parkeringsplassen går du gjennom ei grind som fører inn i ei sankekvie for sauer. Du går vidare gjennom endå ei grind og følgjer stien langs gjerdet til du svingar 90 grader mot høgre opp ein bakke. Her er det relativt bratt og svingete heilt til Kvilefloten. Sjå kartet.

Vegen frå Kvilefloten slyngar seg lett oppover til Glomnessetra. Her passerer du to hytter som er sett opp i seinare tid, og eit gammalt steinsel som står til nedfalls.

Stien held fram med slak stigning innover dalen. Etter om lag 2 kilometer kan du sjå Nos/Bolstadsetra på eit høgdedrag på den andre sida av elva.

Etter at du har passert Nos, er det ikkje langt til Utfalla. Her går det store fonner som kan bli liggande til eit stykke ut på sommaren. Hugs at grova som renn under fonna, smeltar snøen frå undersida, og det kan vere utrygt å passere. Ver obs!

Det ligg ei enkel, lita bru over Tverrelva (Bornielva). Denne vert lagd til side kvar haust for at fonna ikkje skal øydelegge ho.

Midtstøylen er det bygd ei hytte som har eit spesielt fonnvern.

I eldre tid var det mange setrehus nede ved elva her framme. Det var Hjelle si seter. I dag er det berre nokre ruinar att.

Når du passerer Midtstøylen, ser du Stol på eit høgdedrag lenger framme. Då er det knapt 1,5 kilometer att å gå.

Det er registrert mange kulturminne i området ved Stol. Du kan lese meir om dette i tillegget til denne turskildringa.

Dersom du har krefter til det, kan du gjerne gå eit lite kvarter vidare mot Stolsbotnen. Tett ved stien ligg ein flat stein med mange skålgroper. Desse skålgropene kan vere frå bronsealderen (1700-500 fvt.) og vart truleg brukte under religiøse rituale. Skålene er ca. 5 cm i diameter.

Det beiter sauer i dalen, hundar gå i band.

Turen i bilde

Sela på Stol - i dag og før 1950

  1. Monsselet

  2. Tussebu III

  3. Isakeselet

  4. Arneselet

  5. Gml. Isakeselet

  6. Knuteselet

  7. Fjellro

  8. Geileselet

  9. Tussebu I og II

  10. Monsselet

  11. Ruinar etter ein fjøs

  12. Ruinar etter ein fjøs

Stol i 1950

Bildet og illustrasjonen er henta frå boka Setrar i Oppstryn og Nedstryn av Kjell Råd

Litt om seterdrifta

Ella Grønfur, fødd 1910, har fortalt at bestemor hennar, Elisabet Totland, var budeie på Stol i ti år, og ho var truleg den siste budeia på Stol. (Kjell Råd) Ut frå dette kan ein tenkje seg at det vart slutt på mjølking her framme kring 1880. 

Det har blitt fortalt (Olga Nesje) at budeia mjølka, ysta og kinna på setra, og at mannfolk kom for å hente. Dei kløvja avdråtten heim att.

Frå ca. 1880 og fram til 1990-talet, gjekk det kyr og beita på Stol kvar sommar. I dag går det berre ein nokre sauer i skredene rundt setra. Der kyrne beita før, når graset no opp i knehøgde.

Det var ein lang og strevsam veg å jage dyr frå Nesje og Brekke. Dei måtte stå opp i trefire tida om morgonen for å kome til Glomnes før biltrafikken tok til. Seinare var det traktorskyss til Glomnes. Så var det å gå dei ni kilometerane fram gjennom den lange Glomsdalen. 

Setrejaging til Skjerdingsdalen

Det var strevsamt å jage dyra frå Brekke og Nesje til Stol, men endå verre var det for gardane Skåre, Grov, Grønfur og Mork som hadde seter i Skjerdingsdalen. Denne gode hamnedalen hadde ein svært vanskeleg tilkomst. Dei måtte jage krøtera opp gjennom heile Glomsdalen, over Nautebreen og ned til setra i Skjerdingsdalen. Turen tok to dagar – med overnatting på Stol.

I 1851 kom det mykje snø før dei fekk jaga buskapane heim om hausten. I uvêret over Nautebreen låg det att 20 kyr (J. Aaland). 
Etter denne tragiske hendinga vart dei einige om å sprengje ut ein veg gjennom Glæra, det bratte fjellpartiet mellom Jøl Bru og setra i Skjerdingsdalen. Vegen stod ferdig sommaren 1853, men han var berre ein meter brei.

Utsyn frå Stol mot Stolsbotnen, som er enden av dalen. Ruta over Nautebreen gjekk til Stolsbotnen og så opp fjellsida til høgre.

Tufter etter Hjelle si seter på Midtstøylen.

På nedsida av råsa mot Midtstøylen, like før ein kjem til den karakteristiske hytta med plogforma fonnvern i stein, kan ein sjå fleire tufter etter sel. Dette er setra til gardane på Hjelle. Truleg vart seterdrifta lagt ned like etter 1900.

Registrerte kulturminne ved Stol

1 Huldresteinen. Ein skålgropstein like ovafor sela på Nos.
2 Funn av pilspiss frå vikingtida like ved Midtstolhyrna.
3 Kokegroper og nokre kolgroper like ved sela på Stol. Dei eldste kokegropene
kan ha vore brukt for meir enn 3000 år sidan.
4 Skålgropstein ein liten kilometer innafor Stol og 4 tufter frå 11-1200-tallet.
5 Fangstanlegg med fleire bogestillingar ikkje langt frå Stolshyrna.

Kokegroper 

Kokegroper har vore i bruk sidan steinalderen i Norge (ca. 6000 år). Dei grov ei grop i bakken og la steinar i botnen. Så tende dei bål over steinane. Når steinane var glødende varme, sopa dei bort bålrestane og la mat, ofte kjøt, fisk eller grønsaker, over steinane. Maten var innpakka i store blad, bark, eller dyrehud. På toppen la dei torv eller jord. Maten kunne ligge i kokegropa i mange timar og fekk ein spesiell røykt smak. 

Truleg har ikkje kokegroper blitt brukt til den daglege matlaginga, men heller ved samankomstar av rituell og/eller sosial karakter.

Kokegrop frå jarnalderen. Viken fylkeskommune.

Foto: Reidun Marie Aasheim

Kokegropene ved Stol

Det er funne 9 kokegroper langs ein morenerygg rett aust for sela på Stol. Den eine er eksakt datert til 580 +/- 150 fvt., altså bronsealder-jarnalder. Gropene har ein diameter på ca. 90-140 cm og er 10-35 cm djupe. 
Nokre av gropene har ikkje skjørbrend stein i botnen. Desse kan vere kolgroper.

På denne moreneryggen i bakken rett ovafor sela på Stol er det registrert 9 kokegroper. Nokre av dei kan vere kolgroper. (kulturminne.no)

Kolgroper

Bildet viser ei kolgrop frå Nord-Fron, Oppland  Foto: L. T. Lieng © Kulturhistorisk museum, UiO / CC BY-SA 4.0

Kolgropene var i bruk i jarnalder og mellomalder. Seinare tok kolmilene over.
I kolgropene greidde dei å framstille trekol, som var viktig for å kunne utvinne og forme jarn.

Kolgropene ved Stol

Ca. 125 m nord-nordaust for bekken som renn over stien innafor sela, er det registrert ei grop som truleg bør tolkast som ei kolgrop. Ho ligg oppå ein grushaug og er 2 m i diameter og ca 40 cm djup. Gropa har klart markerte vollar. Mellom torva og auren ligg eit 3-4 cm tjukt brunleg jordsmonn over eit 10 cm tjukt trekolsjikt med enkelte spreidde steinar. 

Ca. 140 m nord-nordvest for denne kolgropa er det registrert ei tilsvarande grop. Begge kolgropene er datert til jarnalder - middelalder.

Skålgopsteinen framafor Stol

Skålgropsteinen som du kan sjå eit stykke framafor Stol

Steinen er tilnærma tresidig og måler om lag 5x5x7 meter. Han ligg mellom to tufter frå 11-1200-talet. Det er hogge inn 12 tydelege groper med ein diameter på 4-7 cm. Ei av gropene er på heile 10 cm.
Det skal finnast endå ein skålgropstein i dette området, men den er ikkje registrert.

Dette er skålgroper på steinen framafor Stol. Det er runde fordjupingar som er meisla inn i steinen. Slike blir ofte sett på som ei form for helleristing. Kva funksjon dei hadde er usikkert, men arkeologar meiner at dei kan ha vore brukte i ritualar knytt til fruktbarheit, jakt og landbruk. Mjølk, blod eller korn vart ofra for å få guddommeleg vern eller velsigning.

Hustufter 

Ved skålgropsteinen ein knapp kilometer forbi Stol mot Stolsbotnen, er det funne fire tufter der to av dei er datert til 11-1200-talet. Ei tuft er datert til middelalder.

Myrmalm

Du passerer denne rustbrune bekken på veg mot Stol

Ein del bergartar kan innehalde jarn. Noko av jarnet blir løyst opp av regnvatnet og ført til myrar og innsjøar der det blir felt ut. Dersom ein rustbrun bekk kjem ut av myra, kan det indikere at det har samla seg opp mykje jarn.

I Glomsdalen passerer ein nokre slike bekkar, og det kan tyde på at det har vore vunne ut myrmalm her i gammal tid. 

Myrmalmen vart graven opp av myra, knust og tørka. Deretter vart han lagd i ei blåstergrop

Blåstergrop

Ei blostergrop var steinsett i botnen, og oppå steinen la dei eit lag med trekol. Med hjelp av ein blåsebelg greidde dei å få trekolet til å brenne med ein så høg temperatur at malmen smelta og la seg på botnen i gropa.

Det var svært arbeidskrevjande å vinne ut myrmalm, og mange menn var i arbeid. Med enkle reiskap måtte dei stelle til mykje ved, grave torv frå myra og passe på at både kolgropa og blåstergropa fungerte som ho skulle.

Jakt og fangst

Det er funne ein pilspiss på ryggen litt nord for Midtstolshyrna om lag 1700 moh. (Kvamme & Randers 1982). Funnet er tidfesta til vikingtid-mellomalder.

Langs ein smal fjellrygg mellom Vollsetskåla og Storhammaren, like nord for grensa til Sunnylven (Stranda kommune), er det registrert tre lokalitetar med fleire bogestillingar på kvar. Den eldste lokaliteten (lengst mot nord) er datert til bronsealder - jarnalder. Her er det funne åtte bogestillingar. Dei to andre er frå jarnalderm - mellomalder. Her er det funne seks og to bogestillingar. 

Det skal også vere dyregraver i området. 

Begge områda, ved Midtstolhyrna og ved Vollsetskåla, var tilgjengeleg for jakt- og fangstfolk som oppheldt seg ved Stol.

Bogestilling ved Trollkyrkja i Tafjordfjella, Møre og Romsdal Astor Furuseth

Kart som viser bogestillingane

1, 2 og 3 viser til dei tre lokalitetane med bogestillingar mellom Vollsetskåla og Storhammaren.     

Kjelde: kulturminnesok.no

Utsyn frå Stol. Vi ser Stolshyrna (1852 moh.) bak breen.

Avstanden frå Stol til dei næraste bogestillingane ved Vollsetskåla er om lag 5 km, og avstanden vidare til bogestillingane lengst mot nord er ca. 1,5 km. Det er truleg at desse bogestillingane har vore brukte av jegerar frå fleire kantar; Flo, Glomsdalen og Holedalen.


Tekst: Asbjørn Berge, 2025
Foto: Marit og Asbjørn Berge