Tur til Strynekåpa

Gradering: Ekstra krevjande. Dette er ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.

Lengd: 5,6 km ein veg frå Vesledalssetra. (9,2 km frå parkeringsplassen i enden av bomvegen.)

Høgdemeter: 990 frå Vesledalssetra. (1310 frå parkeringsplassen)

Tidsbruk: 8 timar t/r frå Vesledalssetra. (11 timar t/r frå parkeringsplassen)

Sesong: Sommar og haust.

Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift!
Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.

Merk: Tidleg på sommaren kan det vere utrygt for snøras ved Ulvestigen.

Det er ikkje mobildekning på turen!

Last ned PDF med turbeskrivelse

Turbeskrivelse

Stien frå Vesledalssetra til Erdalsbreen er skildra i Tur til Erdalsbreen. Sjå denne.

Når du kjem til høgda ved Erdalsbreen, kan du sjå ein fjellrygg som strekkjer seg i retning toppen av Strynekåpa. Det kan vere lurt å følgje denne det første stykket. Det er sett opp nokre små vardar som viser vegen.

 Erdalsbreen 18.07.2025        
Foto: Kenneth Berge-Schøld

Det er solrikt på denne sørvende fjellsida. Derfor finn vi mange frodige fjellplantar akkurat her.
Fjellplantane har ein kort, solid stengel som kan stå imot det harde vêret, og blomsteren har sterk farge og lukt for å trekkje til seg pollinerande insekt.

Tettegras, Pinguicula vulgaris

Svarttopp, Bartsia alpina

Skogstorkenebb, Geranium sylvaticum

Bleikmyrklegg, Pedicularis lapponica

Alle desse plantane kan du sjå på veg til toppen.

Utsyn mot det brevatnet og Erdalsbreen. Den spesielle grønfargen kjem av det fine steinstøvet som breen slipar av fjellet.
Du ser Tverrfjellet (1888 moh.) i den høgre bildekanten og Storenosa (1809 moh.) i den venstre. 

Frå breplatået til Erdalsbreen går det eit brefall ned mot høgre, bak Tverrfjellet. Dette brefallet heiter Lodalsbrekka og fører ned til Lodalsbreen. I lang tid gjekk driftekarar med store kvegflokkar langs denne ruta. Dei kjøpte opp dyr gjennom vinteren. I juni månad kom dei tilbake og samla dyra. Vesledalssetra var den siste samlingsplassen før dei tok til på den strabasiøse turen over breen.
Når vêret var lagleg gjekk dei opp Erdalsbreen, ned Lodalsbrekka og Lodalsbreen til Fåbergstølen. Det var for det meste storfe i drifta, men det kunne også vere hestar og sauer. Så gjekk dei sørover mot Bergen eller sør-austover mot Drammen. Det var den tids dyretransport.

Utsyn frå toppen av Strynekåpa (1530 moh.). Vi ser dei nyslegne Bergsflatene, det grøne Oppstrynsvatnet og grendene på sørsida av vatnet.
I bakgrunnen kan vi sjå Kvitegga (1700 moh.), litt avrunda og med snø på toppen. Til venstre for denne ser vi Hornindalsrokken (1526 moh.) med den karakteristiske spisse, steile toppen.

Her ser du fjella på sørsida av Strynekåpa. Du ser Teinosa (1578 moh.) nærast. Bak denne ser du Teibreen. Bakarst i midten av bildet, Lodalskåpa (2083 moh.), til høgre for denne ein spiss topp, Veslekåpa (1988 moh.) og til venstre, så vidt over breen, Brenibba (2018 moh.), og heilt til venstre på bildet, Tverrfjellet (1888 moh.).

Her er Lodalskåpa zooma inn. Vi ser at det er to store vardar på toppen.

Den 5. november 2023 fekk vi sjå deltakarar i serien “71° nord – Norges tøffeste kjendis” klatre denne bratte nordveggen av Lodalskåpa. Det var ein vanskegrad heilt på grensa av det deltakarane var i stand til å klare. Dei hadde teltleir på breen like under fjellveggen.

Her ser du mot Vesledalsbreen og Svartefjellet (1809 moh.) bakarst til høgre. Heilt til venstre ser du toppen av Setrefjellet (1892 moh.).
For tretti år sidan dekte breen dei to øvste vatna. I dag (2025) er eit fjerde vatn i ferd med å opne seg ved breenden. Desse vatna har breen grave ut av fjellet.

Elva frå breen vil etter kvart fylle opp desse små innsjøane med morenemassar, og vi får små breelvsletter. Dei store flatene lenger nede i dalen har blitt til på denne måten. Dei har ein gong vore innsjøar som elvane har fylt opp med morenemassar.
Det vi ser her, er ei svært god lærebok i forming av landskapet.

Tekst og bilde: Asbjørn Berge, 2025