Tur til Erdalsbreen

Erdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, den ligg fin til ved det kalde brevatnet, inst i Erdalen. Turen er krevjande, men belønninga stor.

  • Gradering: Krevjande. Dette er ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.

  • Lengd: 4,2 km ein veg frå Vesledalssetra (7,8 km frå parkeringsplassen i enden av bomvegen)

  • Høgdemeter: 480 (680 frå parkeringsplassen)

  • Tidsbruk: 4,5 timar t/r (7 timar t/r frå parkerings-plassen)

  • Sesong: Sommar og haust

  • Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift! Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.

  • Merk: Ruta er godt merka med raude T-ar. Tidleg på sommaren kan det vere utrygt for snøras ved Ulvestigen. Turen frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen, til Vesledalssetra er skildra i “Tur til Erdalssetra” og “Tur til Vesledalssetra”. Sjå desse. Du sparar mykje krefter ved å betale for å køyre bomvegen. Det er ei strekning på 2,1 km og 200 høgdemeter. Det er ein mektig natur som møter deg på Vesledalssetra. Her er høge, steile fjell nær inn på. Brear heng i fjellsidene, og med bulder og brak sender dei avgarde snø, is og stein. I setredalen går kyrne roleg og beitar. To armar av Jostedalsbreen strekkjer seg i retning setra; Vesledalsbreen og Erdalsbreen.

Erdalsbreen. Foto: Ann-Helen Blakset

Turbeskrivelse

Stien frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Erdalssetra er skildra i “Tur til Erdalssetra”. Sjå denne!

Frå Erdalssetra går stien over Setreura og så i flatt og ope terreng gjennom Setreøyane. Her er det godt beite, og ein møter som oftast kyr. Vis omsyn! Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgrova. Men vanlegvis går det greitt å passere her.

Når du kjem til Lidabakkane, er det jamn stigning til Reset. Derifrå går det i slak unnabakke til Vesledalssetra. Når du passerer det inste selet på Erdalssetra, kan du sjå utedoen på den høgre sida av stien. Han er open for alle. Det er også ein utedo på Vesledalssetra.

Eit lite stykke vidare på vegen mot Vesledalssetra kan du sjå ein bekk som kjem ut av ura på venstre side av stien. Her er det reint og godt drikkevatn.

Turisthytta på Vesledalssetra var opphaveleg ei tømrastove som stod på Hjelle. Patentførar Rasmus Greidung kjøpte stova i 1923. Turistane som han skulle føre over breen, måtte ha ein plass å overnatte.

Stova vart riven, stokkane merka og transportert på skareføre med hest og slede. I 1924 stod hytta klar til å ta imot gjester. I dag har Indre Nordfjord Turlag (INT) leigeavtale med eigar. Hytta er pussa opp og er i god stand. Det er sjølvbetening, og nøkkel heng ute ved inngangsdøra.

Vesledalssetra har lange tradisjonar som utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen.

I gammal tid kjøpte kveghandlarar opp store mengder krøter, det kunne også vere sauer og hestar, som dei samla på Vesledalssetra. Når vêret var lagleg, førte dei dyra opp Erdalsbreen og over til Jostedalen, vidare austover fjellet til Drammen eller sørover til Bergen. Det vart slutt på denne driftetrafikken kring 1920.

I seinare år har breturen “Josten på langs” vore populær. Dette er ein svært krevjande skitur over 2-3 dagar frå Vesledalssetra til Flatbrehytta i Fjærland eller Flatsteinbu i Olden.

Den raude turisthytta på Vesledalssetra var tidlegare eigd av breførar Tor Greidung. Han var ein av dei siste patentførarane i distriktet, og han hadde mange turar over breen. Dei fleste turane gjekk over Vesledalsbreen til Styggevasshytta - og seinare over til Slæom.

Tor Greidung døydde i 1999, 80 år gammal. I dag er det Indre Nordfjord Turlag (INT) som har ansvaret for hytta. Dei har gått inn leigeavtale med noverande eigar, og hytta er i god stand. Nøkkel heng alltid ved døra!

Turen til Erdalsbreen startar i litt myrlendt terreng innafor Turisthytta. Her er det nyleg sett opp gangbruer over dei våtaste partia.

Etter eit kort stykke kjem du til ei bru over Vesledøla. Denne elva kjem frå Vesledalsbreen.

Innafor brua er det sett opp fleire gangbruer, og stien går vidare over eit lite høgdedrag, Myrahogjen, før du kjem inn på Vesledalsgrandane. Her går du i flatt landskap, og stien svingar seg mellom vierkratt innover dalen.

Ulvestigen er ein fjellrygg som strekkjer seg opp mot Strynekåpa. Stien svingar seg opp langs denne ryggen. I ei viss høgde flatar stien ut og går i retning mot breen.

Det var denne vegen dei gjekk med store kvegdrifter i gammal tid. Då gjekk breen ned mot Ulvestigen, men dei måtte jage dyra inn på breen i det flate partiet høgare oppe.

Langs stien til Erdalsbreen veks det fleire stadar hestespreng. Denne planten inneheld eit giftstoff som fører til at særleg hestar, men også storfe, kan få alvorleg kolikk.

Driftekarane var nøye med at dyra ikkje åt av denne planten.

Her ser vi eit lite følgje som tek seg ein pause på Ulvestigen. I bakgrunnen ser vi at Erdalsbreen ligg heilt fram på kanten der fossen sender seg utfor.

Frå Ulvestigen kan ein sjå rett mot ein brearm som i dag nesten er borte, men som tidleg på 1900-talet gjekk langt ned i fjellsida.

Kring år 1900 gjekk Kristian Bing og den lokale breføraren Ole Hogrenning ned denne breen. Det var ei dramatisk ferd i dårleg vêr. Dei kom frå Hogrenning i Loen, og tok seg ned breen som vi kan sjå øvst i den høgre bildekanten.

Frå denne varden går stien skrått innover mot breen. Det går litt unnabakke før stien går opp til ei smal skor i fjellet. Her må du gå forsiktig, for det er høgt ned om du skulle falle.

Siste del av turen går på svaberg. I vått vêr kan det nokre plassar vere krevjande å kome seg opp.

Like før du kjem opp på høgda ved brevatnet, går stien eit lite stykke langs ei fordjuping i fjellet. Her renn som regel vatn som skal vere trygt å drikke. Når du kjem deg over kløfta i fjellet, kan du skråe nedover mot elva. Her finn du ei hytte som har fått namnet Infimus.

Infimus betyr nedst og er den lågast liggande av dei to hyttene som NVE sette opp under arbeidet med å planlegge stor kraftutbygging i Breheimen tidleg på 1970-talet. Den andre hadde namnet Optimus som betyr den beste. Den stod ved Fremste Kåpa (1773 moh.) og er no riven.

Infimus er utstyrt med to briskar med madrassar, gasskokeapparat og gassomn. Ho står open og ulåst for alle gjennom heile året. Det er ei nødbu som INT i dag eig og driftar. Det er berre eit par hundre meter å gå frå Infimus til vatnet ved breen.

På midten av 1990-talet dekte breen heile vatnet. I dag er det 1 km langt. Dette er eit godt bilde på den rekordraske avsmeltinga som den globale oppvarminga har ført til. 

Det skal vere ei grov ikkje så langt frå breen som dei kalla Brennevinsgrova. Bakgrunnen for namnet kan vere at det var ekstra godt å få seg noko å drikke etter ei lang ferd over breen. Kan hende var det ei kjelde med ekstra godt vatn. I dag veit ingen kvar Brennevinsgrova er.

Ved brevatnet kan ein finne fleire ulike typar fjellplantar. Dei er kjenneteikna ved at stengelen er kortare og kraftigare enn tilsvarande låglandsplante, og fargen på blomsteren er sterkare. I tillegg til sterk lukt er dette avgjerande for at insekt skal finne fram og pollinere planten.

I Setreøyane går det ofte kyr og beitar. Vis omsyn! Det beiter sauer i dalen, hundar gå i band.