Fjellturar i Oppstryn
Rundt Oppstrynsvatnet ligg dalføra Flofjellet, Glomsdalen, Hjelledalen, Skjerdingsdalen, Grasdalen, Sunndalen, Erdalen og Fosdalen: Desse ligg mellom fjella som strekker seg opp mot 1850 moh på det meste. Desse dalføra og fjella legg til rette for store naturopplevingar, og nokre ligg også innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark.
Her finn du oversikt over nokre av dei mest populære turane, som også er skilta og tilrettelagt. Turskildringar finn du under.
-

Segestad
Stien til Segestad snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen. Garden gjev deg unik innsikt i korleis fjellbønder levde for berre nokre få generasjonar sidan. Informasjonstavler om historia.
-
Erdalen
I Erdalen når du to setrar, Erdalssetra og Vesledalssetra. Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar på Jostedalsbreen. Her finn du og PDF til naturstien i Erdalen.
-

Fosdalen
Ein fin setretur i flott natur, inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Setra ligg ca 380 moh. Ein startar turen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, først på grusveg og deretter over på bratt og litt krevjande sti.
-

Sunndalen og Kamperhamrane
Sunndalen er ein frodig setredal med høge, bratte fjell på begge sider. Turen til Sunndalssetra kan du gjerne gå som ein rundtur. Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane går austover frå Sunndalen, gjennom Rauddalen til Skjåk.
-

Flofjellet
Turen går på ein gammal ferdselsveg mellom bygda Vollset i Sunnylven kommune og Flo.
-

Glomsdalen
I Glomsdalen er det fleire setrar, kulturminne ein gamal fjellgard og mogelegheit for fantastisk utsikt over Oppstryn.
-

Skjerdingsdalen
Når du kjem ut av den første tunnelen på veg over Strynefjellet, vil du sjå denne idylliske setra ikkje langt frå Rv. 15. Her er det mange turalternativ.