Tur i Fosdalen

Blått turmerke - Middels tur
Fosdalen sett frå Glomnesnakken

Fosdalssetra ligg berre 380 moh. og er den lågast liggande av alle setrane i Oppstryn. Likevel kan turen vere litt utfordrande fordi du må gå omlag 350 høgdemeter i relativt bratt terreng.

  • Gradering: Middels vanskegrad. Stien er enkelte stadar litt krevjande.

  • Lengd: 1,7km ein veg.

  • Høgdemeter: 350

  • Tidsbruk: 2,5 timar t/r

  • Sesong: Vår - haust

  • Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved Rv.15 like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

  • Merk: Det er beitedyr i dalen, og hunden gå i band.
    Det er trygt å gå til setra, men lenger inne i dalen kan det vere utrygt både for snø- og steinras tidleg på sommaren.

  • Natursti: I Fosdalen er det og laga til ein natursti som du finn informasjon om her

Kart over tur i Fosdalen

Turbeskrivelse

Fosdalssetra ligg berre 380 moh. og er den lågast liggande av alle setrane i Oppstryn. Likevel kan turen vere litt utfordrande fordi du må gå omlag 350 høgdemeter i relativt bratt terreng.
Fosdalen byr på vakker natur og interessante kulturminne frå gammal tid. Seterdrifta vart avslutta før krigen, og i dag er det berre sauer som beitar i dalen.

Du parkerer ved rv.15 like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Frå parkeringsplassen følgjer du traktorvegen som går langs Fosdøla. Traktorvegen går forbi eit grustak og svingar seg vidare opp til Holekvia.

Det går skogsveg vidare frå Holekvia opp ein relativt bratt bakke til venstre. Eit lite stykke oppe i bakken passerer du ein gammal gardfjøs, og når du er komen eit stykke forbi denne, kan du gjerne ta snarvegen gjennom granskogen på høgre side.

Dersom du i staden følgjer skogsvegen, passerer du to store steinar som vert kalla Røvasteinane. Her var den første kvileplassen på vegen til Fosdalssetra i gammal tid. Steinane har truleg fått dette namnet fordi det har vore revehi her ein gong i tida. Rev blir uttal røv på oppstryndialekt.

Der skogsvegen tek ein stor høgresving, går setrestien rett fram. Eit kort stykke følgjer stien kanten av gjelet ned mot Fosdøla. Her vart det planta graner for å hindre at krøter skulle gå seg utfor under setrejaginga. Før den tid var det ein risgard her som måtte vølast kvar vår.

Når du har passert partiet med grantre langs gjelet, er du straks komen til det andre kvilet på setrevegen, Seljefloten. Her flatar terrenget litt ut, og det opnar seg opp slik at du får utsikt mot Oppstrynsvatnet, Glomsdalen og Hjelledalen.

Like ved stien kan du sjå ein flat, firkanta stein med passeleg høgde til å sitje på. Steinen vert kalla Føvreldesteinen (Fivreldesteinen).

Namnet Seljefloten kjem av treslaget selje og flot som betyr ei flate eller open slette. No er det ikkje selje som dominerer her, men or, bjørk og rogn.

Etter Seljefloten kjem du til Setrebakken. Dette er det brattaste partiet på setrevegen. Langs stien i Setrebakken står nokre gamle, spesielle bjørketre. Sjå nærare på dei.

Øvst i Setrebakken kan vi sjå sela/hyttene på Fosdalssetra.

Fosdalen er ein kort dal som er forma av bre og elv. Snø- og steinskred er vanleg i dei bratte fjellsidene.

Fosdalssetra ligg på grensa til skredfare, og nokre sel har måtta gje tapt for fonnvinden opp gjennom tidene. Opphaveleg var det 6 sel på setra, 3 som høyrde Sandvik til og 3 som var Fosnes sine.

Det vart mjølka kyr på setra fram til 1935. Fram til 1970 gjekk det kyr på beite i Fosdalen, men etter den tid er det berre sauer som har gått her.

Det er frodig oreskog med noko rogn og bjørk oppover dalen. Fosdalen er ein av stadane i Strynedalen der tyrihjelm og revebjølle veks i lag.

Fjellbjørkeskogen veks lenger og lenger innover dalen og høgare opp etter fjellsidene.

Tyrihjelm
Revebjølle

Tyrihjelm, Aconitum Septentrionale

Revebjølle, Digitalis Purpurea

Last ned PDF med turbeskrivelse

Utsyn frå stien til Fosdalssetra. Vi ser mot Fosnes og Glomsdalen

Holekvia

Her var det tidlegare slåttemark. I dag er det beite for sau. Holekvia er ein terrasse som vart bygd opp av lausmassar som Fosdøla førte med seg under ned-smeltinga av den stor innlandsisen for meir 10 000 år sidan. Lausmassane vart ført ut i havet som i den tid stod 75 meter høgare enn i dag og gjekk like opp til Folven og Guddal i Hjelledalen.

Holekvia. Vi ser ein gammal gardfjøs som høyrer til garden Sandvik. Eigar er Per Ivar Skåre. I framgrunnen ser vi litt av ein gammal steingard. Steingardar er i dag påakta delar av det gamle jordbrukslandskapet/kulturlandskapet i bygdene.

Røvasteinane

Den eine steinen var passeleg høg å sitje på når dei kom frå setra med tunge mjølkehylkje på ryggen. Det var vanleg på alle setrevegar at dei hadde ein spesiell kvilestein, eller det kunne vere fleire, som dei kalla “Kvile”.

Det vart planta graner langs kanten av gjelet for å hindre at dyr gjekk seg utfor.

Gjelet som Fosdøla har grave ut.

Fosdalen har, på same måten som Glomsdalen, eit bratt og djupt gjel i mun-ninga av dalen. Gjelet vart til under ned-smeltinga av den store innlandsisen for meir enn 10 000 år sidan. Fosdøla gjekk på den tid veldig stor og strid. Ho førte med seg enorme mengder lausmassar som breen hadde grave ut av fjellet lenger framme i dalen. I det bratte partiet i munninga av dalen, vart fjellet slipt ned av den masse-førande, stride elva. Dette skjedde gjennom fleire tusen år, også medan isbreen låg i dalen.

Gjelet i framgrunnen. Vi ser mot Hjelle og Hjelledalen.

Seljefloten. Vi ser mot Glomsdalen og Hjelledalen.

Setrebakken

Ei gammal bjørk tett ved stien i Setrebakken. Det veks kjuker tett i tett på den nedste delen av stammen.
Kjuker er ei stor gruppe av soppar som hovudsakleg veks på gamle tre. Dei er parasittar som bryt ned treverket. Mange av desse soppane har ei viktig rolle i øko-systemet.

I den øvste delen av Setrebakken opnar det seg opp, og vi får sjå sela på Fosdalssetra.
Ein grunneigar har vore flink til å rydde skog og halde terrenget ope rundt sela og langs stien. På grunn av lite beitedyr, veks det stadig opp nye renningar (rotskot av tre). Frå setra ser du til endes i Fosdalen. Snur du deg, har du utsyn over ein stor del av Oppstrynsvatnet og Hjelledalen — og Glomsdalen med fjellgarden Segestad.
Frå setra ser du til endes i Fosdalen. Snur du deg, har du utsyn over ein stor del av Oppstrynsvatnet og Hjelledalen og Glomsdalen med fjellgarden Segestad.

Dei tre sela til bruka på Fosnes var kalla Ivaselet, Andersselet og Oppigardselet. Ivaselet og Andersselet ramla ned av seg sjølv, medan Oppigardselet vart teke av fonnvind.
Sela som høyrde til Sandvik, var Kristianselet som ramla ned av seg sjølv under krigen, Toreselet som no er rive, og Monsselet. Monsselet vart bygd i 1889. I 1968 brann det ned til grunnen, men eitt år seinare bygde dei ei hytte på grunnmurane.
I tillegg er det to tufter lenger framme på selbøen, truleg etter sel frå eldgammal tid.

Foto: Ståle Sunde

Fosdalssetra kring 1990 

Vi ser Toreselet til venstre. Eigar var Ivar Guddal. No er det rive.  Monsselet til høgre. Eigar er Per Ivar Skåre. Ruinane etter Oppigardselet i framgrunnen til venstre.

Sela/hyttene på Fosdalssetra i dag

1 - Monsselet. Eigar er Per Ivar Skåre
2 - Ivaselet. Eigar er Amund Mork
3 - Toreselet. Eigar er Magnus Guddal

Sela på Fosdalssetra sett i motsett retning. I bakgrunnen ser vi Tafsehyrna (1300 moh.) og Fosdalskyrkja (1773 moh.).

Rett aust for sela på Fosdalssetra, renn Tverråna, ei elv som kjem frå Gullkoppen. Gullkoppen er ein skålforma botn i fjellet Kampen.
Setreråsa frå Fosnes går over denne elva, og det kan i periodar vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over.
Det låg nyleg ei enkel bru over Fosdøla eit lite kvarters gange forbi setra, ved Bjønjalogjen. Brua vart dessverre øydelagd av flaum, og ein må no gå langt fram i dalen for å kome seg over elva.

Blåbær

I Fosdalen er det mykje blåbær. I eldre tider var det vanleg å plukke blåbær for å skaffe seg ei ekstra inntekt. 
Blåbær er ein ressurs som er lite påakta i dag. Det er synd sidan blåbæra er så rike på antioksidantar.

Ferdslevegen over til Loen

Tyvareset. Utsyn mot Hjelle og Hjelledalen Foto: Tarald Harsta

Ferdslevegen til Loen går opp gjennom Fosdalen, over eit res eller skar som er kalla Tyvareset, ca. 1270 moh., og vidare ned gjennom dalen som fører til Loen. Loarane kallar dalen på Losida for Fosdalen, medan oppstryningane brukar namnet Tyvadalen.

Ruta over Tyvareset til Loen har vore lite brukt. Gamle kyrkjebøker fortel at ein mann skal ha omkome på veg over reset. Der står det:
“Omtrent i Midten av Juni Maaned 1832 blev Gaardbruger David Andersen Skarsteen, omtrent 30 Aar gammel, borte i den Isbreed der ligger mellem Opstryen og Loen. Saasnart han savnedes, søgte man efter ham uden dog at kunne oppdage ham. Formodentlig har Uveir eller Ubekjendtskab med Veien foraarsaget hans Endeligt.”

Utsyn mot Tyvadalen. Loen og Olden i bakgrunnen Foto: Tarald Harstad

Det vert fortalt at ein plassemann på Berge, Akslun Jenssen Løken, kjøpte ei kvige på Sæten i Loen. Han tok med seg kviga opp gjennom Tyvadalen, over Tyvareset, ned Fosdalen og inn til Berge. Turen gjekk visst greitt. Dei kvidde seg ikkje på ein umak i dei dagar.

I 1935 (1936?) fekk patentførar Jørgen Grønfur i oppdrag av Den Norske Turist-
forening (DNT) å merke stien over Tyvareset. Ragnar Grønfur var medhjelpar. Stien vart merka, men det førte ikkje til særleg fleire turgåarar.

Geologiske tilhøve i Fosdalen

Øvste delen av Fosdalen. Tyvareset til venstre, Storskredfjellet (1815 moh.) til høgre.             Foto: Tarald Harstad

Fosdalen er ein rasfarleg dal. I området framafor setra ligg det mykje skred-materiale. Oppe i fellsida på vestsida av dalen, ligg store overhengande flak av stein som ventar “på tur” til å kome. Det kjem steinsprang her med jamne mellomrom. Bildet over viser lagdelinga på vestsida av dalen. Store nedbørsmengder som fyller sprekkene, kan vere nok til å sende av garde store flak av stein frå fjellet.

Kommunedelplan for kulturminne

I 2017 arbeidde Stryn kommune med kommunedelplan for kuturminne. Då tok Amund Mork kontakt med kommunen og melde muren som kulturminne. Han vart ikkje teken på alvor i starten, men Rannveig Marit Mindresunde engasjerte seg og tok kontakt med fagmann Runar Hole for å få klarheit i kva som kunne vere forklaringa på denne muren under Tafsehyrna. 

Ho tok også kontakt med namneforskarar for å få avklara om det var ein samanheng mellom jakt- og fangstanlegget og namnet på fjellet bakafor. Svaret var at det mest truleg var ein samanheng. Tafn er eit gammalnorsk ord for bytte eller offer. Det er naturleg at ordet er blitt endra til Tafs i namnet Tafsehyrna.

Den gamle forklaringa på namnet – at steinura på toppen ser ut som tafsar – held ikkje lenger.

Jakt- og fangstanlegg under Tafsehyrna

Runar Hole, som er ekspert på fangstminne, har bekrefta at steinmuren (merka med raud strek på bildet) under Tafsehyrna er del av eit jakt- og fangstanlegg frå gammal tid. Det er vanskeleg å tidfeste sikkert når anlegget var i bruk, kanskje heilt tilbake til steinalderen – for meir enn 4 000 år sidan.
Bildet ovafor viser korleis ein tenkjer seg at reinsdyra vart drivne mot ein post der jegerar stod klare med spyd og pil og boge.
Sperremuren som vi ser på bildet under, leia reinsdyra oppover ein rygg som gjekk like opp under fjellet. Her kom dyra i trongstig, og jegerar med pil og boge kunne nå dei. Avstanden til dyret måtte vere mindre enn 20 meter for å få inn eit dødleg treff. For å kunne bruke spydet, måtte dyret vere endå nærare.
På nedste enden av veidemuren var det ein utkikspost, langs muren låg det truleg jegerar som skulle hindre flokken i å krysse denne, og opp under det bratte fjellet stod jegerar gøymde bak ein stor stein (raud sirkel på bildet). Det heile var ei velorganisert jakt med mange deltakarar.

Veidemuren under Tafsehyrna. Utkikspost i enden. Foto: Fjordingen

Utgangspunktet for turen i Fosdalen ligg like ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ta gjerne ein tur innom senteret for meir informasjon om natur og kultur i området.

Tekst: Asbjørn Berge, 2025        
Foto: Marit og Asbjørn Berge

Bilda av plantar er henta frå Internet