Natur- og kultursti Fosdalen

Fosdalen er ein kort dal som er forma av bre og elv. Snø- og steinskred er vanleg i dei bratte fjellsidene. Likevel har dalen vore nytta til setring og beiting, særleg beiting av sauer. Fosdalssetra ligg 380 moh.. Ho ligg på grensa til skredfare, og nokre sel har måtta gje tapt for fonnvinden opp gjennom tidene. Opphaveleg var det 6 sel på setra, 3 som høyrde Sandvik til og 3 som var Fosnes sine.
Det vart mjølka kyr på setra fram til 1935. Fram til 1970 gjekk det kyr på beite i Fosdalen, men etter den tid er det berre sauer som har beitt der.
Det er frodig oreskog med noko rogn og bjørk oppover dalen. Fosdalen er ein av stadane i Strynedalen der revebjølle og tyrihjelm veks i lag.
På turen til Fosdalssetra får du fin utsikt over Oppstrynsvatnet mot Hjelledalen og Glomsdalen.
Naturstien i Fosdalen startar ved Jostedalsbreen Nasjonalsenter. Sjå eiga tavle med informasjon om naturstien ved senteret.
Denne naturstien har 10 postar med tema historie, kulturlandskap, geologi og botanikk. Naturstien går til Fosdalssetra. Ein bør rekne kring 1 - 1,5 time på turen opp til setra. Du følgjer retningsskilta og finn ti nummerskilt ved stien.
Her finn du tekst til kvar post. På tilbaketuren følgjer du den same stien. Det tek ca. 1 time å gå ned att til senteret.
I Fosdalen går det dyr på beite. Vi oppfordrar turgåarar til å ta omsyn til dyra, mellom anna å ikkje gje dei mat. Grindar skal latast att, og hundar skal gå i band.
Meir informasjon om natur og kultur får du ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Det går sauer på beite. Hunden gå i band!
Vi ønskjer deg ein fin tur!

Utsyn frå stien til Fosdalssetra