Natur- og kultursti Fosdalen - Post 1

Elveforbygginga

Skred bak i dalen har fleire gongar demt opp elva Fosdøla. Demningane har losna, og vatn og lausmassar har fossa ned mot Fosnes og Sandvik. Nede i bygda fløymde elva ut over bøane.
Før Jostedalsbreen Nasjonalsenter vart opna i 1993, bygde Noregs vassdrags- og energivesen (NVE) forbygging mot elva. I dag ser NVE det som viktig at elveforbyggingane skal gå i eitt med naturen, og dei bygde tersklar i elva som miljøtiltak for å betre dei biologiske tilhøva. Fosdøla er ei elv med stor vassføring ei kort tid under smeltinga sommarstid og i periodar med mykje nedbør. Når Fosdøla går veldig stor, tek ho med seg mykje lausmasse som breen i si tid har grave fram.
Under uvêret Jakob, som herja i månadskiftet oktober-november 2024, skjedde det som ikkje burde skje. Fosdøla tok med store mengder stein og tre. Det danna seg ein kork under gangbrua ved Nasjonalparksenteret, slik at elva tok nytt løp mot senteret.
Store mengder stein og grus vart ført inn på området rundt nasjonalparksenteret, og mykje vatn trengde inn i lokala.
Eit stort oppryddingsarbeid er utført. Mykje skog er fjerna og store mengder masse er fjerna frå elveleiet. Det ligg enorme mengder av morenemassar framme i dalen som vert ført nedover når elva går flaumstor.

Flaum ved Nasjonalparksenteret

Bilete frå Fjordingen