Natur- og kultursti Fosdalen - Post 2

Den gamle elveforbygginga

Elveforbygginga ovanfor riksvegen blei bygd i 1930-åra. Det er lett å sjå endringar i byggemåten før krigen og i 1993. Her er forbygginga høgare og tersklane i elvebotnen manglar. No er elveforbygginga mosegrodd og går meir i eitt med landskapet.

Vegetasjonen rundt elva

Oppover langs elvefaret finn du ein plante med mange gule blomar. Planten heiter reinfann, Tanacetum vulgare, og høyrer naturleg til i flaummark langs elvar. Han blir meterhøg med kraftige stenglar. Han blomstrar i august/september. Reinfann er lett kjenneleg på dei gule korgene som dannar ein flat skjerm på toppen. Korgene manglar også kantkroner og ser ut som gule knappar. Som mange korgblomar er reinfann rik på oljar og bitre stoff med ei karakteristisk lukt.

Planten har ei lang medisinsk historie i europa. Han blei brukt mot innvollsormar og tannverk. I tørka form blei han lagra saman med vinterkleda for å halde lus, lopper og møll borte frå kleda.

Her i bygda vart planten nytta mot forskjellige slags vonde lukter. Ei historie er fortalt om folket på Flo. Dei høyrde til kyrkja på Fosnes. Når det låg utrygg is på vatnet, måtte dei gjerne vente i fleire veker på trygge tilhøve før dei kunne kome seg over til kyrkja. Når nokon døydde under slike forhold, la dei reinfann i likkista for å dempe liklukta.

Reinfann har også eit lokalt namn. Tidlegare var planten mykje brukt som smakstilsetjing i dårleg brennevin og øl, og dermed fekk planten namnet ølkonge. Namnet reinfann kjem truleg av det tyske reinfarn, som betyr åkerbregne. Det har samanheng med dei findelte blada som med litt fantasi kan likne på bregneblad. Då kunnskapen om den medisinske verknaden av planten kom til Noreg i mellomalderen, følgde det tyske namnet med og blei fornorska. Det hadde inga meining, for planten hadde ikkje noko med rein å gjere.

Oppover dalen møter du frodig oreskog med innslag av rogn og bjørk. Fosdalen er god grobotn for bregner som til dømes skogburkne og ormetelg. Her veks låglandsplantar nede i bygda og fjellplantar høgare oppe. Fjellskrinneblom, Arabis alpina, kunne ein sjå langs elveforbygginga for nokre tiår sidan. I dag er han sjeldan å sjå, kanskje heilt borte. Fjellskrinneblom trivst best på fuktig grusjord i snøleie på fjellet, men han spreier seg ofte langs bekkar nedover mot låglandet. Planten har store, fine, kvite blomar og karakteristiske grovtagga blad høgt oppetter stengelen. Han blomstrar i juni-august.