Natur- og kultursti Fosdalen - Post 3
Marin grense
Under isavsmeltinga steig landet. Like etter at innlandsisen smelta bort, låg havet høgare enn i dag – i Stryn ca. 75 meter over dagens nivå.
Då innlandsisen smelta, gjekk elvane svært store. Dei førte med seg enorme mengder av lausmassar som breen hadde grave fram. Lausmassane vart bremsa når dei møtte havet. Dei grove massane vart liggande nær land, dei finare massane la seg lenger ute. Etter kvart som lausmassane fylte opp havet nær land, vart dei ført lenger og lenger ut. Her ser vi resultatet i form av ein terrasse, eit tilnærma flatt område. Ein slik terrasse er bygd opp av lausmassar som er sortert. I morener som breen har lagt att, er ikkje lausmassane sortert. Her er grovt og fint materiale blanda saman.
I dette sandtaket ser vi at lausmassane ligg som vekslande skrålag av sand, grus og stein fordi det vart avsett i ein bakke (marebakke) under havoverflata.
Dersom du ser på kartet under, kan du sjå at denne terrassen ligg 75 moh.. Då veit vi at dette området vart til medan havet stod 75 meter høgare enn i dag.
Den raude linja på kartet markerer den marine grense, altså kote 75. Sandtaket som ligg like under denne kota (høgdekurva), viser korleis lausmassane som breelva transporterte, blei sortert og avsett i havet for meir enn 10 000 år sidan.
Holekvia er ein terrasse som vart bygd opp av lausmassar som Fosdøla førte med seg under nedsmeltinga av den stor innlandsisen for meir 10 000 år sidan. Dei enorme mengdene av lausmassar kan vi sjå i sandtaket like nedafor Holekvia, der vegen svingar seg forbi.