Natur- og kultursti Fosdalen
Post 4: Steingardane på Holen
Her skal du ta ein skarp sving til venstre og følgje steingarden vidare oppover eit godt stykke. Slike steingardar er etter kvart blitt eit sjeldan syn. Denne vart bygd for lenge sidan etter kvart som dei dyrka jorda i nærleiken. Det er eit imponerande arbeid som er utført med enkle hjelpemiddel. Desse gardane (gjerda) kravde lite vedlikehald i forhold til dagens nettinggjerde.
Steingardar er i dag påakta delar av det gamle jordbrukslandskapet/kulturlandskapet i bygdene. Det er ikkje lov å fjerne dei utan særskilt løyve. Steingardar som er bygde før 1850 er automatisk freda kulturminne.
Dersom vi følgjer traktorvegen vidare oppover, vil vi sjå ein gammal gardfjøs som høyrer til garden Sandvik. Eigar er Per Ivar Skåre. I framgrunnen ser vi litt av ein gammal steingard.