Natur- og kultursti Fosdalen - Post 5
Røvasteinane
Denne steinen var passeleg høg å sitje og kvile på når dei kom frå setra med tunge mjølkehylkje på ryggen. Det var vanleg på alle setrevegar at dei hadde ein spesiell kvilestein, eller det kunne vere fleire, som dei kalla “Kvile”.
Når ein kom med tunge børar på veg til eller frå setra, var det godt å kunne slengje bakenden, eller “reva” som det heiter lokalt, ned på ein høveleg stor stein. Namnet Røvasteinane kan ha sitt opphav frå dette lokale ordet for bakenden.
Mest truleg er det at namnet skriv seg frå at det ein gong har vore revehi i holromma under steinane. Rev blir uttala røv på dialekt.