Natur- og kultursti Fosdalen - Post 6

Heimehamne og setrehamne

Her ser du restane etter ein annan steingard, og denne markerte eit viktig skilje i eldre tid. Det var grensa mellom heimehamna og setrehamna. Ei hamn er det same som ei beitemark. Du kan legge merke til at det er planta gran på heimehamna. Setrehamna, som er felleseige, har naturleg skogvokster.

I gamle dagar bygde dei ein risgard på kanten av elvegjelet for å hindre at dyra gjekk seg utfor og hamna i elva. Det var mykje arbeid å halde risgarden vedlike, og seinare planta dei gran langs kanten i staden.

Gran planta som gjerde