Natur- og kultursti Fosdalen - Post 7
Gjelet
Fosdalen har, på same måten som Glomsdalen, eit bratt og djupt gjel i munninga av dalen. Gjelet vart til under nedsmeltinga av den store innlandsisen for meir enn 10 000 år sidan.
Fosdøla gjekk då veldig stor og strid og førte med seg enorme mengder lausmassar som breen hadde grave ut av fjellet lenger framme i dalen. I det bratte partiet i munninga av dalen, vart fjellet slipt ned av den masseførande, stride elva. Dette skjedde gjennom fleire tusen år, også medan isbreen låg i dalen.
Her ser vi eit fossestryk i Fosdøla. Under smeltinga av innlandsisen gjekk Fosdøla mykje større enn i dag, og ho førte med seg enorme mengder lausmassar som slipte på fjellet. I løpet av fleire tusen år vart dette gjelet grave ut.