Natur- og kultursti Fosdalen - Post 8
Seljefloten
Dette området heiter Seljefloten. Namnet kjem av at det vaks mykje selje her før i tida, men no har rogn og gråor teke over. Ordet “floten” viser til at det er ei lita flate eller slette her. Setrejentene og -gutane hadde kvileplass på Seljefloten. Det ligg ein flat stein med høveleg høgde som dei sette mjølkehylkjet på når dei hadde tungt å bere ned frå setra.
Når dei gjekk lausreipa (utan bør), nytta dei som regel ikkje kvileplassane langs vegen til setra.