Natur- og kultursti Fosdalen - Post 9
Setrebakken
Dette er den siste bakken før du er oppe på setra. Dette er også den brattaste kneika på setrevegen, og det er tungt å gå her med bør på ryggen. Namnet Setrebakken går igjen ved mange setrar.
Vi ser ei gammal bjørk der det veks kjuker tett i tett på nedste del av stammen. Kjuker er ei stor gruppe av soppar som hovudsakleg veks på gamle tre. Dei er parasittar som bryt ned treverket. Mange av desse soppane har ei viktig rolle i økosystemet.
I den øvste delen av Setrebakken opnar det seg opp, og vi får sjå sela på Fosdalssetra. Ein grunneigar har vore flink til å rydde skog og halde terrenget ope rundt sela og langs stien. På grunn av lite beitedyr, veks det stadig opp nye renningar (rotskot av tre).