Natur- og kultursti Fosdalen - Post 10
Frå setra ser du til endes i Fosdalen. Snur du deg, har du utsyn over ein stor del av Oppstrynsvatnet, Hjelledalen og Glomsdalen med fjellgarden Segestad. Før i tida var det seks sel på Fosdalssetra, tre som høyrde Fosnes til og tre som høyrde til Sandvik. I dag står det berre tre setrehus att.
Dei tre sela til bruka på Fosnes var kalla Ivaselet, Andersselet og Oppigardselet.
Ivaselet og Andersselet ramla ned av seg sjølv, medan Oppigardselet vart teke av fonnvind. Sela som høyrde til Sandvik var Kristianselet som ramla ned av seg sjølv under krigen, Toreselet som no er rive, og Monsselet. Monsselet vart bygd i 1889. I 1968 brann det ned til grunnen, men eitt år seinare bygde dei ei hytte på grunnmurane.
I tillegg er det to tufter lenger framme på selbøen, truleg etter sel frå eldgammal tid.