Tur til Vesledalsbreen
Gradering: Ekstra krevjande. Dette er ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.
Lengd: 2 km ein veg frå Fossen. (4,5 km ein veg frå Vesledalssetra.)
Høgdemeter: 300 frå Fossen. (730 frå Vesledalssetra)
Tidsbruk: 3 timar t/r frå Fossen. (6,5 timar t/r frå Vesledalssetra)
Sesong: Sommar og haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift!
Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Merk: Stien er merka med T-ar til det andre brevatnet. Deretter ingen merke. Ver obs på steinar som ligg laust.
NB!
Turen til Vesledalssetra er skildra i “Tur til Vesledalssetra”, og turen vidare til Fossen er skildra i “Tur til Fossen”.
Det er ikkje mobildekning i dalen!
Frå Fossen går stien langs eit idyllisk brevatn i flatt og lett terreng. Etter kvart stig terrenget, og du nærmar deg foss nummer to.
Ruta er merka med raude T-ar. Når du passerer vatnet, skal du gå langs breelva til du er ganske nær fjellet der fossen kastar seg utfor. Der følgjer du T-ane opp det bratte, steinete partiet til venstre for fossen.
Her ser du landskapet langs det første brevatnet mot foss nummer to. Du kan finne fleire artar av fargerike fjellplantar i dette terrenget.
Fjellplantane har ein kort, solid stengel som kan stå imot det harde vêret, og blomsteren har sterk farge og lukt for å trekkje til seg pollinerande insekt.
Gulsildre, Saxifraga aizoides.
Raud jonsokblom, Silene dioica
Dei to bilda ovafor er tekne ganske nøyaktig frå same plassen. Det første er frå 2020, det andre frå 1943. Vi ser mot den andre fossen. I 1943 låg breen heilt fram på kanten. I dag har breen trekt seg om lag 800 meter tilbake, og tre nye brevatn har kome til syne.
Bilda viser at vegetasjonen har spreidd seg godt på desse 80 åra. Det er utruleg at plantar kan greie seg så godt i dette karrige og ugjestmilde landskapet.
Klesmoten til fjells har også endra seg mykje på desse åra. Kvinna til venstre på bildet, går i skjørt. Det var ikkje uvanleg på den tid. Skotøyet var lêrstøvlar eller beksaumsko med lêrsole. Festet mot fjell og snø var ikkje like godt som med dagens fjellsko.
Bildet viser det andre brevatnet. Den fine, turkise fargen er typisk. Det er steinmjølet som breen slipar av fjellet, som er årsaka til denne fargen. Når sola skin på vatnet, vert fargen ekstra sterk.
I 1943 låg breen tjukk over dette vatnet. Ja, heilt fram til 1990-talet låg breen her. Dei lyse svaberga er teikn på det.
Her ser vi hytta Infimus, som stod ved enden av Vesledalsbreen. Bildet er frå 1971.
Breenden låg i den tid ved det andre brevatnet, det turkise brevatnet på bildet ovafor.
Personen på bildet er Bjørg Ladehaug. Ho var ein av fleire ungdomar som fekk jobb av NVE i samband med planar om kraftutbygging. Denne hytta er riven.
Bildet viser det tredje brevatnet og den tredje fossen. Den lyse fargen på steinar og svaberg viser at det ikkje er lenge sidan breen trekte seg tilbake frå dette området.
Her er det ikkje måla T-ar. Du må sjølv finne ein trygg veg opp gjennom den lause, storsteinete sidemorena til venstre i bildet.
Vi ser det andre og tredje brevatnet. Vesledalsbreen ligg som eit kvitt teppe til venstre på bildet.
Dei fire brevatna ligg bak kvar sin terskel. Ein slik terskel består som regel av hardare berggrunn som breen ikkje har greidd å grave bort. Der vatnet er grave ut, har breen lege og skura i fjellet over mange år.
Dette bildet viser Vesledalsbreen den 23. juli 2021. Det fjerde brevatnet har opna seg.
Til høgre på bildet kan vi sjå Fremste Kåpa (1773 moh.). I samband med planar om ei stor kraftutbygging på 1970-talet, sette NVE opp ei hytte der som vart kalla Optimus. Ho vart riven, i motsetnad til Infimus ved Erdalsbreen.
Dette er Optimus, ei hytte med garasje som stod ved brekanten rett bak (aust for) Fremste Kåpa.
Dei første åra stod ein snøskuter parkert i garasjen. Seinare vart garasjen brukt som lager for tørrmat og mindre utstyr. Hytta er for lenge sidan riven. I dag står berre ei av NVE sine tre hytter att. Det er Infimus ved Erdalsbreen.
Bjørg Ladehaug er eigar av dei to bilda av NVE sine hytter
Dette bildet frå 2021 viser at breenden til høgre er i ferd med å smelte bort. Vatnet ved breen vil bli større år for år. I dag kan det vere vanskeleg å ta seg inn på breen.
Det var her Lars Monsen og Gjert Ingebrigtsen gjekk ut av breen i programmet “Med Monsen på villspor”. Programmet vart sendt fredag 25. mars 2022. Sjå sesong 4, episode 3.
Det er eit mektig landskap her oppe på breplatået bak Vesledalsbreen. Vi ser Lodalskåpa (2083 moh.) som ruvar til venstre, og heilt til venstre i bildekanten kan vi sjå Brenibba (2018 moh.). Til høgre ser vi Fremste Kåpa (1773 moh.)
Her er det ikkje forsvarleg å gå utan breutstyr og erfaring med å gå på bre.
Tor Greidung (1919 - 1999) var ein av dei siste patentførarane i vårt distrikt. Patentførar betyr at han hadde fått offisiell løyve (patent) frå myndigheitene til å føre turistar over breen. Ruta hans Tor” gjekk over Vesledalsbreen til Stygge-vasshytta - og seinare til Slæom.
Tekst og foto: Asbjørn Berge, 2025