Tur til Vesledalssetra
Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen. Gjennom fleire generasjonar har patentførarar ført turistar over breen til Skjåk og Sogn, og driftehandlarar førte store fedrifter over breen til Fåbergstølen og vidare mot Austlandet. I vår tid har “Josten på langs” vore ein populær skitur på vårparten. Vesledalssetra ligg omkransa av høge fjell, og brear heng i fjellsidene. Naturen er vill og vakker. Ved denne setra deler Erdalen seg i to dalføre: Storedalen går mot søraust, og her finn du stien mot Erdalsbreen. Vesledalen har retning mot aust, og her går det sti til Vesledalsbreen.
Gradering: Middels vanskegrad. Stien er nyleg rusta opp. Nokre parti går langs svaberg.
Lengd: 3,6 km ein veg.
Høgdemeter: 200
Tidsbruk: 3 timar t/r. (5 timar frå Greidung)
Sesong: Vår - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift.
Merk: Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgova.
Det er ikkje mobildekning på turen.
Turbeskrivelse
Frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Vesledalssetra, er det ca. 3,6 km og litt over 200 høgdemeter.
Frå Erdalssetra til Vesledalssetra er det ca. 1,9 km og ca. 75 høgdemeter. Du bør berekne 3 timar på heile turen – frå Greidung 5 timar.
Stien frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Erdalssetra er skildra i “Tur til Erdalssetra”. Sjå denne!
Frå Erdalssetra går stien over Setreura og så i flatt og ope terreng gjennom Setreøyane. Her er det godt beite, og ein møter som oftast kyr. Vis omsyn! Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgrova. Men vanlegvis går det greitt å passere her.
Når du kjem til Lidabakkane, er det jamn stigning til Reset. Derifrå går det i slak unnabakke til Vesledalssetra.
Når du passerer det inste selet på Erdalssetra, kan du sjå denne utedoen på den høgre sida av stien. Han er open for alle. Det er også ein utedo på Vesledalssetra.
Eit lite stykke vidare på vegen mot Vesledalssetra kan du sjå ein bekk som kjem ut av ura på venstre side av stien. Her er det reint og godt drikkevatn.
Setreura. Det første stykket etter at du har passert Erdalssetra, går stien i steinete terreng.
I Setreøyane går det ofte kyr og beitar. Vis omsyn!
Her passerer du Trollurgrova. Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan der vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over.
Lidabakkane. Her startar stigninga på veg mot Vesledalssetra. Vi ser Reset i bakgrunnen.
Resbakken er det brattaste partiet på stien. Her lyt ein gå litt forsiktig, særleg når ein går unnabakke.
Utsyn frå Reset. Den store breelvsletta er i ferd med å gro att av oreskog. Erdalssetra i bakgrunnen.
Her ser vi grensa mellom Erdalssetra og Vesledalssetra. Hugs å late att grinda.
Kråkesølvbakken har namnet sitt frå det mørke, glinsande mineralet kråkesølv (glimmer).
Kråkesølv er eit ord som i daglegtale blir brukt om mineralet glimmer. Glimmer finst som muskovitt (lys) og biotitt (mørk). Mineralet glinsar som sølv i sollyset.
På Vesledalssetra går det ofte kyr og beitar. Vis omsyn!
I dag er det berre ein bonde som har kyr på Vesledalssetra. I tidlegare tider var det fem bruk som setra her. 1954 var det siste året det vart mjølka kyr på Vesledalssetra.
Turisthytta på Vesledalssetra var opphaveleg ei tømrastove som stod på Hjelle. Patentførar Rasmus Greidung kjøpte stova i 1923. Turistane som han skulle føre over breen, måtte ha ein plass å overnatte.
Stova vart riven, stokkane merka og transportert på skareføre med hest og slede. I 1924 stod hytta klar til å ta imot gjester.
I dag har Indre Nordfjord Turlag (INT) leigeavtale med eigar. Hytta er pussa opp og er i god stand. Det er sjølvbetening, og nøkkel heng ute ved inngangsdøra.
Nigardselet/Eiaselet er det eldste selet på Vesledalssetra, og det kan vere meir enn 200 år gammalt. For nokre år sidan vart selet restaurert, og det er i god stand.
Før utskiftinga av setrehamnen i 1898, var dette Akslunselet (Bnr. 5, Erdal)
Oppigardselet glir vakkert inn i naturen. Før utskiftinga i 1898 tilhøyrde dette selet Larsbruket i Erdal (Bnr. 3).
Selbøen på Vesledalssetra. Vesledalen i bakgrunnen. Her går stien vidare mot Fossen og Vesledalsbreen. Sjå desse.
Eigarane av sela er
Turisthytta: Svenn Jarle Mykløen
Oppigardselet: Ola Tjellaug
Lasseselet: Lasse Greidung
Nigardselet: Joar Tjellaug
Murane merka med 1 viser til murane etter Segestadselet (Segestadbruket på Greidung). Eigar: Jørgen Fure
Her ser du alle sela på Vesledalssetra frå ein litt annan vinkel. Legg merke til dei mange store steinane nedafor sela. Mange av dei er registrerte som gamle buplassar, og dei er freda kulturminne.
Steinar med overheng har vore nytta som overnattingsplass og ly for vêret i lange tider, heilt tilbake til bronsealderen - og kanskje lenger. Du kan lese meir om historia til setra her.
Her ser du Storedalen. Fjellet i midten er Teinosa (1580 moh.). Det er i denne retninga du går for å kome til Erdalsbreen og Strynekåpa.
Du ser mot toppen av Tomefjellet (1835 moh.)
Les meir om historia til Vesledalssetra her.
Tekst: Asbjørn Berge, 2025
Foto: Marit og Asbjørn Berge