Tur til Erdalssetra
Gradering: Enkel tur. Stien er nyleg rusta opp. Nokre parti går langs svaberg.
Lengd: 1,7 km ein veg.
Høgdemeter: 130
Tidsbruk: 2 timar t/r.
Sesong: Vår - haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved Loppeset. Hugs å betale avgift.
Merk: Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Det er ikkje mobildekning på turen.
Turbeskrivelse
Erdalssetra er ei av dei vakraste setrane våre. Landskapet er ope og fritt, men høge, steile fjellveggar er likevel ikkje langt unna. Botnbrear ligg i fjellsidene og sender stadig av garde snø, is og stein, og elva går i stride stryk heim over dalen. Det er liv i landskapet.
Frå garden Greidung går det bomveg som fører deg 2,2 km vidare i retning Erdalssetra og ca. 250 høgdemeter. Du kan betale både med kontante pengar og Vipps.
Frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til setra er det ca. 1,7 kilometer å gå og knapt 130 høgdemeter.
Du bør du berekne 2 timar på heile turen, og det doble om du går frå Greidung.
Sherpaer frå Nepal har vore med på å ruste opp den gamle setrevegen, og det er lagt grus på mykje av strekninga.
Eit lite stykke frå parkeringsplassen deler stien seg. Du kan gå den gamle stien forbi Loppeset, ein kvileplass for setrejentene og -gutane i gammal tid, eller du kan følgje ein traktorveg som er opparbeidd i seinare år. Det er ikkje langt før dei to vegane kjem saman att.
Lenger framme går stien forbi ein stein som har stått der gjennom mange generasjonar. Med litt fantasi kan du sjå ein person, og steinen har fått namnet Gryte-Pål. I alle tider har ein hatt mykje moro med Gryte-Pål. Ein prøver å lure kvarandre til å bukke for han, men tradisjonen seier at ein skal ikkje helse på Gryte-Pål!
Rett før du kjem til Hesthammaren, kan du sjå eit lite skilt som viser grensa mot Jostedalsbreen Nasjonalpark. Namnet Hesthammaren kjem av at hestane gjekk i hamne i dette området i gammal tid.
Når du har gått opp bakken ved Hesthammaren, flatar stien ut. Her kan du sjå rett mot Heimste Skadefonna. Denne fonna kan enkelte år gå så stor at ho demmer opp elva, og det kan bli skadeflaum heime i dalen. Ofte kan ho kome stor rundt jonsok-tider, og då er det ikkje trygt å vere i dette området.
Den fremste skadefonna (sjå kartet) tok i eldre tid krøter som søkte heim i dette området tidleg på sommaren. Bøndene gjekk då i lag om å setje opp ein mur som skulle hindre dette. Denne vert kalla Muren den dag i dag. Dei opna opp muren etter at fonna hadde gått.
Du går vidare opp ein bratt bakke, og så er du på Langesvodene. Her går stien på svaberg.
Midtvegs på Langesvodene går du forbi Tobakks-Jørn, ein liten stein på høgkant. Tradisjonen seier at han bør få litt fersk “skråtobakk” i det du passerer.
Så kjem du til Sleipesvoda. “Går du ut på Sleipesvoda, fer du over ende, og du kjem til å glide heilt ned på elva.” Det sa dei vaksne til ungane i eldre tider. Å skremme ungane slik var ikkje uvanleg oppseding for nokre generasjonar sidan. Det sig oftast vatn ned Sleipesvoda, og det fører til at det blir glatt. Men det er ikkje fare for å glide på elva.
Stien flatar ut, og du passerer Kolhammaren. Ein kan lure på om namnet kjem av at det har blitt brent kol her. Vi veit at det har vore brent kol i setredalen, men det mest trulege er at namnet kjem av den mørke fargen.
Når du kjem på Setresvoda, kan du sjå selbøen, og du er straks framme.
Bomvegen frå Greidung mot Erdalssetra. Her kan du betale med kontante pengar eller vipse til Setrevegen i Erdalen, 559238.
Parkeringsplassen ved vegenden
Utsyn frå Loppeset
Den gamle stien forbi Loppeset
Sherpaer frå Nepal har vore med på å ruste opp den gamle stien frå parkerings-plassen til setra, og det er lagt grus på mykje av strekninga.
Gryte-Pål. I alle tider har ein hatt mykje moro med GrytePål. Ein prøver å lure kvarandre til å bukke for Gryte-Pål, men tradisjonen seier at ein skal ikkje helse på Gryte-Pål!
Hesthammaren. Hestane vart sett på beite i dette området før gardane vart utskifte mot slutten av 1800-talet. På den tid var teigane blanda som eit lappeteppe, og det var upraktisk å bruke hesten under slåtten.
Ein hellar under hesthammaren (litt til venstre for bildet) har vore brukt som “buplass” i gammal tid. Restar etter trekol viser dette.
Her har du utsyn rett mot Heimste Skadefonna. Denne fonna kan enkelte år gå svært stor i midten av juni. Då kan det vere farleg å vere i dette området.
Langesvodene. Her går stien langs svaberg eit langt stykke.
Setrejentene og -gutane var ikkje meir enn 12-13 år før dei tok til å gå til setra for å mjølke kyrne. Dei hadde mykje moro i lag, blant anna med å passe på at Tobakks-Jørn hadde fersk “skråtobakk”. Vi kan sjå på bildet at han har fått ei “skrå”.
Sleipesvoda. Svaberget har fått namnet med rette. Det er vått og sleipt her.
Kolhammaren. Namnet kjem mest truleg av at han er mørk på farge. Han ligg i skugge.
Setresvoda. Når vi kjem til Setresvoda, opnar setredalen seg, og vi kan sjå selbøen. Strynekåpa er omkransa av skodde, og til høgre for dette fjellet går stien mot Erdalsbreen. Til venstre er det sti mot Vesledalsbreen.
Erdalssetra i midten av juni - før kyrne er jaga på setra.
Tur til Erdalssetra
Ein tur på setra i sommarkvelden,
når himlen logar som jonsokelden.
Når lauvet glitrar og fuglen syng,
og skogen angar av blom og lyng.
Rett opp i lida ved første stopp,
tett ved råsa, i høgste topp.
Ein bokfink syng sine klåre tonar,
han søkjer make og på kjærleik vonar.
Den bratte fjellsida svart og mektig,
med elv og fossar frå breen prektig.
Det blenkjer vakkert i stein og ur,
det skin mot alle som går på tur.
Litt snø som pyntar opp her og der,
og Skadefonna så brei og svær,
jau, den kan skremme med fonnvind stor,
og skrape bort både stein og jord.
Vi rundar Hesthammaren, går bakken opp,
vi ser mot Kåpa, den høgste topp.
Langesvodene og Sleipesvoda,
jau, namna held det som orda lovar.
Og Tobakks-Jørn står her rak og rett,
vegen vidare, så flat og lett.
Frå Setrekulen vi setra skimtar,
og fine brearmar mot oss glimtar.
Dei lune sela på rad og rekkjer,
dei smiler mot oss og tanken vekkjer,
på farne tider med lokk og song,
i gamle dagar – det var ein gong …
Jau, gå på setra i sommartida,
når naturen viser seg frå beste sida.
Det gjev oss glede og ro i sinnet,
ein betre balsam du knapt vil finne!
Marit Gjørven Berge
Sela på Erdalssetra
1 viser til murane etter Martinsselet
2 viser til murane etter Øvsteryggselet
Sela på Erdalssetra i 1947 Foto: I Dårflot
Utedoen på Erdalssetra
Like forbi det inste selet på Erdalssetra, på den høgre sida av stien mot Vesledalssetra, finn du denne utedoen. Han er open for alle.
Nokre meter vidare langs stien mot Vesledalssetra, på den venstre sida, kan du sjå ein bekk som kjem ut av ura. Her er det reint og godt drikkevatn!
Ivaselet er eit av dei eldste sela på Erdalssetra.
Samelselet er registrert som ein kulturminnebygning. Sjå kartet lenger nede.
Selet er bygd før 1900.
Botnbrear ligg i fjellsidene og sender stadig av garde snø, is og stein. Men breane minkar år for år.
Her er kyr som beitar på Grandane. Til venstre ser du Seltuftefjellet med Trollurgjelet, og til høgre ser du Fossen og Vesledalsbreen.
Dette er den steile fjellveggen på Tomefjellet (1835 moh.)
Du kan lese meir om historia til setra her.
Tekst: Asbjørn Berge, 2025
Foto: Marit og Asbjørn Berge