Meir om historia til Erdalssetra

Historia til Erdalssetra går langt tilbake i tid. Det er funne restar etter steinalderreiskapar like aust for Vesledalsbreen, ved Austdalsvatnet. Dette fortel at det har vore drive jakt i dette området for meir enn 6000 år sidan. I den tid var Jostedalsbreen smelta bort, og den lettaste vegen hit gjekk gjennom Erdalen og Vesledalen.

Arkeologiske utgravingar og funn viser at det har vore fleire busetjingar i Oppstryn i bronsealderen — for meir enn 3500 år sidan. Pollenprøver viser at det gjekk beitedyr i setredalen på den tid.

Dei eldste tuftene etter sel på setra er datert til 1200 talet.

I 1898 var det utskifting av setredalen. Då fekk Tjellaug og Greidung Vesledalssetra, og dei andre gardane i Erdalen fekk Erdalssetra. Det vart sett opp ein risgard/mur som skilje mellom setrehamnene.

Utskifting av setrehamnen


Den 6. august i 1892 var alle grunneigarane i Erdalen samla til møte om utskifting av setrehamnen. Etter møtet vart det halde synfaring, og utskiftingsretten kom fram til at hamnedalen burde delast i to hamnelag.

Før den tid var heile setredalen felles hamnedal for gardane i Erdalen. Gardane Tjellaug og Greidung hadde sine sel på Heimesetra (Erdalssetra). Dei fleste av bruka på Berge, Rygg og Erdal hadde sel på Vesledalssetra. 

Fordi formannen i skifteretten vart oppteken med andre forretningar, måtte saka utsetjast. Den 25. juli 1898 vart utskiftingsretten sett på ny i stova til Thor Anthonsen Greidung. Det vart halde synfaring same dag, og deretter vart det halde rettsmøte på same plass i nokre dagar. 

Utskiftingsretten slo fast at Vesledalssetra skulle vere seter for gardane Tjellaug og Greidung, og Erdalssetra skulle vere seter for dei andre gardane i Erdalen. 20 bønder og 2 plassemenn var samla under forhandlingane. 

Grenselinja mellom setrane og mellom Erdalssetra og Greidung vart nøyaktig bestemt, det same galdt gjerdeplikta. Sela måtte også skifte eigarar.

Det var semje om følgjande byte av setrehus: 

- Bruket på Nedsterygg mot Lassebruket på Greidung.

-  Akslunbruket i Erdal mot Nigard på Tjellaug.

-  Haraldbruket på Berge mot Segestadbruket på Greidung.

- Larsbruket i Erdal mot Oppigardbruket på Tjellaug.

-  Martinsbruket i Erdal mot br. 3 og 4 på Greidung. 

Nokre av brukarane måtte betale eit mellomlegg.

Utskiftingsretten bestod av A. Myklebust (leiar), A. M. Lunde og S. K. Aarnes, og protokollen vart underteikna den 2. august 1898.

Kjelde: Utskiftingsprotokollen

Kort om seterdrifta

Det var mange bønder som setra på Erdalssetra. Nokre gjekk saman om å leige ei budeie, andre hadde ei datter eller ein son som kunne mjølke kyrne på setra. Mange starta allereie i 12-13-årsalderen.

Setrejentene eller -gutane gjekk til setra kvar ettermiddag i 4-5 tida. Dei samla kyrne på selbøen, mjølka og sette mjølka i kjøling i ei grov. Nokre hadde fjøs som dei sette kyrne inn i. 

Dei sov nokre timar i selet før dei måtte opp og mjølke på nytt. Så samla dei all mjølka i eit hylke, og bar det heim att på ryggen. 

Budeiene låg på setra heile sommaren. Dei mjølka kyrne kveld og morgon. Etter morgonmålet separerte dei mjølka – dei fekk fløyte og skummamjølk. Fløyta sette dei til surning i ein rømmeambar. Etter ei veke vart rømmen henta heim i eit hylke. 

Av skummamjølka laga dei gammalost og mysebrøm. Mysebrøm brukte dei som drikke til grauten. Dei ysta også kvitost og brunost.

Etter at Erdal meieri vart starta opp i 1920, la bøndene om produksjonen. Meieriet vart drive berre i vinterhalvåret, og det vart etter kvart mindre sommarmjølk.

Loppeset var den mest brukte kvileplassen på setrevegen. Her samlast setrejentene og -gutane både på veg fram til setra og på heimvegen. Samhaldet var godt, og dei hadde mykje moro i lag. No er det ikkje mange som lever att av dei som opplevde denne tida.

Midt på 1950-talet vart det slutt på seterdrifta på Erdalssetra.

Buplassar frå gammal tid

Registrerte kulturminne ved Erdalssetra

Steinalderfunn

Det er grunn til å tru at steinaldermenn og -kvinner har vandra i området her for meir enn 6000 år sidan. Det er nemleg funne restar etter gjenstandsmateriale frå eldre steinalder i høgfjellet ved Austdalsvatnet, like aust for Vesledalsbreen. 

Materiala som er funne er diabas frå Stakaldeneset i Flora og Siggjo-rhyolitt frå Bømlo. På begge desse stadane var det i lang tid steinbrot. Der vart det teke ut råemne til steinøkser (diabas) og pilspissar, knivar og skraper (rhyolitt).

Dette viser at det var ferdsel opp gjennom Strynedalen i forhistorisk tid (Randers 1986). Den kortaste avstanden frå fjordbotnen til Austdalsvatnet er nemleg gjennom Erdalen. Vi veit at Jostedalsbreen var smelta bort i perioden 7500 - 6000 år før notid (Nesje og Kvamme 1991).

Rekonstruksjon av ei diabasøks av Morten Kutchera

Siggjorhyolitt

Kart som viser kulturminne og kulturminnebygning ved Erdalssetra. 

Kjelde: GeoNorge.

1 Kan vere ein skålgopstein?

2 Stein med overheng. Funn av eit opp til 25 cm tjukt brunleg jordlag med trekolbitar rett under torva. Ikkje datert. 

3 Tre steinar med overheng. Funn av eit opp til 15 cm tjukt trekollag rett under torva. Trekol under den eine steinen er datert til 1400-talet. 

4 Stein med overheng. Funn av trekol datert til eldre jarnalder.

5 Eit steinsel som er restaurert i seinare tid.

Det er gjort liknande funn ved ein heller i Leitekroken, nær elva, og under to hellerar ved Hesthammaren

Gjennom fleire tusen år har det vandra folk gjennom setredalen. I dei første tider var det jakt og fangst som lokka, seinare var det også gjeting av buskap og seterdrift. 

Steinar med overheng og hellerar (bergvegg med overheng) vart i gammal tid brukt til buplass/overnattingsplass og til å søkje livd i dårleg vêr.

Her ligg Klovningesteinen, kulturminne nr. 2 på kartet ovafor. Steinen har eit overheng (heller) og er registrert som ein gammal buplass.

Steinen ligg på selbøen mellom sela og elva, om lag 200 meter V for husklynga på setra. Ei om lag 7 meter lang steinblokk med overheng mot N. Direkte under torva er eit opp til 25 cm tjukt brunleg jordlag med trekolbitar (Kvamme & Randers 1982: 34).

Denne steinen med overheng ligg nedst på selbøen ved elva. Han er ein av tre hellerar i dette området som har vore brukte som buplassar. Ei C14-datering viser år 1465 med ei usikkerheit på 55 år.
Steinane er merka med 3 på kartet over kulturminne på Erdalssetra.

Denne steinen med overheng ligg på sørsida av elva like utafor brua. Steinen er merka av som kulturminne nummer 4 i kartet ovafor. 

Granskingar viser at steinen har vore brukt som buplass heilt tilbake til eldre jarnalder (500 fvt.- 0).

Tvilsam gropestein (offerstein): Steinen ligg mellom to bekkefar som spring saman rett nedanfor steinen.
Skildring: Steinen er om lag 2 x 1 1/2 m, 1/2 m høg, flat på toppen. På den nordvestelege sida finns ei lita grop, diameter 3 1/2 cm, djupne 1 1/2 cm. Den er noko grov og relativt liten. (Kvamme & Randers 1981: 35)

Sjå kartet ovafor merka med 1.

Utviklinga av kulturlandskapet

Gjennom forskingsprosjektet DYLAN, eit samarbeid mellom universiteta i Norge, har det vore teke mange pollenprøver frå området rundt Erdalssetra. Pollenprøvene kan seie noko om utviklinga av kulturlandskapet, og prøvene viser at setra har vore brukt som beite for husdyr heilt sidan bronsealderen, altså for meir enn 3000 år sidan. På den tid var klimaet mildare enn i dag.

Utgravingane i Mykjedalane på Hjelle sommaren 1994, viser at det var fastbuande jordbrukarar der allereie for om lag 4 000 år sidan.

Dette gravfunnet i bronse frå Erdal viser at det også her budde folk på den tid. 

Foto: Universitetsmuseet, UiB.

Kald periode

I perioden frå 300 til 800 år evt. var det eit kaldare klima over heile Europa, og pollenprøvene viser tendens til attgroing av kulturlandskapet i setredalen. 

Oppsving

Under vikingtida (790-1066 evt.) vart klimaet betre, og fleire husdyr vart sett i hamne på Erdalssetra. Kulturlandskapet vart utvikla til det det er i dag. 
På Erdalssetra, like nedafor sela slik dei står no, ligg ei hustuft datert til 1260–1390 evt.

Kjelder

Kulturminnesok.no
Erdalen og Sunndalen — bruk av beiteressurser i mer enn to tusen år
Nibio rapport 8 nr. 139, 2022
Internet

Tekst: Asbjørn Berge, 2025
Foto: Marit og Asbjørn Berge

Tilbake til turskildringa