Meir om historia til Vesledalssetra

Historia til Vesledalssetra går langt tilbake i tid. Det er funne restar etter steinalderreiskapar like aust for Vesledalsbreen, ved Austdalsvatnet. Dette fortel at det har vore drive jakt i dette området for meir enn 6000 år sidan. I den tid var Jostedalsbreen smelta bort, og den lettaste vegen hit gjekk gjennom Erdalen og Vesledalen.

Arkeologiske utgravingar og funn viser at det har vore fleire busetjingar i Oppstryn i bronsealderen — for meir enn 3500 år sidan. Pollenprøver viser at det gjekk beitedyr i setredalen på den tid.

Setra låg i dei første tider på ei stor open slette lenger framme i Vesledalen, Seltuftene. Granskingar viser at her var det truleg seter før Kristi fødsel.

I 1898 var det utskifting av setredalen. Då fekk Tjellaug og Greidung Vesledalssetra, og dei andre gardane i Erdalen fekk Erdalssetra. Det vart sett opp ein risgard/mur som skilje mellom setrehamnene.

Kort om seterdrifta

Etter utskiftinga av setrehamnen i 1898 var det seks bruk som hadde beiterett på Vesledalssetra; to bruk på Tjellaug og fire på Greidung. Fram til slutten av 1920-talet var det både kyr og geiter på setra. 
Nokre bruk gjekk saman om å leige ei budeie som låg på setra heile sommaren. Budeia mjølka, ysta ost og kinna smør. Bøndene som leigde budeia måtte byte på å bere fram mat og hente heim avdråtten.
Dei fleste bruka hadde ei jente eller ein gut i høveleg alder som kunne mjølke kyrne. Dei gjekk til setra kvar ettermiddag, mjølka kyrne og sette mjølka i kjøling i ei grov. Så fekk dei fri ei stund før det vart tid for å leggje seg. Tidleg på sommaren måtte dei stå grytidleg opp, gjerne i 3-4-tida. Når det lysna av dag, vart kyrne urolege. Dei ville trekkje ut av selbøen for å finne seg godt beite.
Når kyrne var mjølka om morgonen, hella dei all mjølka over i eit spesiallaga mjølkehylke som dei bar på ryggen heim att. Dei kom heim i dalen på den tid folk var i ferd med å stå opp. Så fekk dei sove eit par timar før dei måtte opp og bli med i arbeidet. 
Når klokka nærma seg fem om etter middagen, var det å leggje i veg til setra att. Då kom dei gjerne i lag med setrejenter og -gutar som skulle til Erdalssetra.
Det var eit godt samhald mellom dei som gjekk til setra, og dei hadde mykje moro i lag. No er det ikkje mange att av dei som opplevde denne tida.

Bildet er henta frå boka “Setrar i Oppstryn og Nedstryn” av Kjell Råd.

Seltuftene

Seltuftene er ei open slette som du kryssar når du er på veg frå Vesledalssetra mot Vesledalsbreen. Det tek om lag eit kvarter å gå. Her er det er funne tufter etter setrehus, og truleg var det her setra låg i dei første tider. Det er funne trekolbitar og brende bein som tyder på at her var det seter før Kristi fødsel (Fure 2011).

Pollenundersøkingar ved Seltuftene viser at høgstaudeskogen her forsvann allereie i bronsealderen, noko som indikerer beiting her allereie på den tid.

Det er usikkert når setra blei flytt til der ho er i dag og kva som var årsaka. 

Drifter over breen

Dei fleste som dreiv med fehandel i Nordfjord kom frå Jostedalen og Luster. På etterjulsvinteren kom driftekarane på ski over breen for å gjere avtalar med bønder om kjøp av dyr; mest storfe, men også hestar og sauer. 
Dei kom tilbake i juni månad for å samle dyra, og jage dei mot den siste samlingsplassen før breen. Dei måtte jage frå Vesledalssetra før jonsok, for då kom bøndene i Erdalen med sine buskapar til setra.

Tor A. Greidung og sonen Rasmus T. Greidung var patentførarar. Dei noterte antal dyr som vart ført over breen frå Vesledalssetra til Fåberg mot slutten av 1800-talet. I 1890 var det tre drifter med tilsaman 153 storfe, 7 hestar og 300 sauer. Den største drifta gjekk i 1886 med 147 storfe og 7 hestar. 

Den siste drifta over breen frå Vesledalssetra gjekk truleg i 1920 (K. Berge 1961). Etter den tid var det vanskeleg å kome seg inn på breen med storfe.

Driftekarane jaga fedriftene over fjellet like til Drammen eller sørover til Bergen. Her var det etterspurnad etter kjøt. Ein del av drifta gjekk til livdyr.

Steinalderfunn

Det er registrert fleire kulturminne som vitnar om at folk har opphalde seg på Vesledalssetra i mange tusen år. Ved Austdalsvatnet, aust for Vesledalsbreen, er det gjort funn frå eldre steinalder med eit tydeleg opphav ved kysten. 

Materiala som er funne er diabas frå Stakaldeneset i Flora og Siggjo-rhyolitt frå Bømlo. På begge desse stadane var det i lang tid steinbrot. Der vart det teke ut råemne til steinøkser (diabas) og pilspissar, knivar og skraper (rhyolitt).

Dette viser at det var ferdsel opp gjennom Strynedalen i forhistorisk tid (Randers 1986). Den kortaste avstanden frå fjordbotnen til Austdalsvatnet er nemleg gjennom Erdalen. Vi veit at Jostedalsbreen var smelta bort i perioden 7500 - 6000 år før notid (Nesje og Kvamme 1991).

Rekonstruksjon av ei diabasøks av Morten Kutchera

Dette har gitt grunnlag for å hevde at det har vore ferdsel inn frå kysten og opp Strynevassdraget i forhistorisk tid, for meir enn 6000 år sidan (Randers 1986). 

Glasiologar meiner at Jostedalsbreen var smelta bort i perioden 7500-6000 før notid (Nesje og Kvamme 1991).

Siggjo-rhyolitt

Kulturminne

Kart som viser dei ulike lokalitetane

1 Kolflak. Ligg under 10 cm torv og jord, er rundt 2 - 4 cm tjukt. Dekkjer ei flate på 4 x 5 meter. Datert til Jarnalder-mellomalder. Vitnar om framstilling av trekol.

2 Lokalitet med to kolgroper til framstilling av trekol, og to kolflak. Kolgropene er ca. 1,30 meter i diameter og 30-40 cm djupe. Den eine er datert til omkring 500 evt..

3 To kolflak på 20 cm djupne under 5-7 cm med torv. Datert til ca. 800 evt.. Vitnar om produksjon av trekol. Datering: Yngre jarnalder

4 Større steinblokk med overheng mot elva i vest. Jordsmonn med store mengder trekolbitar i ca. 8 cm djupne både utanfor og innunder dropefallet. Datering: Mellomalder.

5 Større steinblokk med overheng mot vest. Arealet under dropefallet er 2 - 3 kvm. Prøvestikk viste brunleg jordsmonn med trekolbitar i ca. 10 cm djupne.
Datering: Jarnalder-mellomalder.

6 Større steinblokk med overheng. Opning mot søraust. Det er mannshøgde i opninga og ei djupne på rundt 3 meter. Prøvestikk viste eit kraftig trekolhaldig lag frå 0 - 6 cm. Datering: Mellomalder (1030-1536).

Buplassar under steinar med overheng

Det vart gjort funn av trekol under ei steinblokk ved Vesledalssetra. Steinblokka har eit overheng med plass for fleire menneske innafor dropefallet. Funnet er datert til same tidsperiode som bronsealderbusetnaden i Mykjedalane ved Hjelle – meir enn 3000 år gammalt.

Også pollenundersøkingar frå setra viser dei første teikna på aktivitet i området på denne tida (DYLAN-prosjektet). 
Dei store steinblokkene med overheng er gamle kulturminne. Desse har vore brukt som buplass langt tilbake i tid, truleg av menneske på gjennomreise eller menneske som har opphalde seg ved setervollen i samband med jakt, beiting eller anna aktivitet på setra.

Denne steinen kan du sjå når du kjem inn på selbøen. Her er det god plass under dropefallet. Sjå kulturminne 6 på kartet ovafor.

Eit lite stykke nedafor selbøen kan du finne denne hola under ein stor stein. Her er det godt ly mot vind og vêr.

Framstilling av trekol. 

Det er funne fleire kolgroper. Desse vart brukte under framstilling av trekol, som dei var avhengige av for å vinne ut myrmalm og for å smi reiskapar av jarn.
Dei stabla ved i kolgropa, truleg bjørk. Så blei veden dekt av torv og jord og tend på. Det var viktig å ha kontroll på varmen. Ved rett temperatur (ca. 270 grader) vart veden omdanna til trekol.
Kolflaka kan vere område der det har vore framstilt trekol ved bruk av kolmiler. Der blir veden stabla over bakken.

Bildet over viser korleis ei kolgrop kan sjå ut i terrenget etter å ha vore ute av bruk i mange hundre år.

Kjelder
-Kulturminnesok.no
-Erdalen og Sunndalen — bruk av beiteressurser i mer enn to tusen år. Nibio rapport 8 nr. 139, 2022
- Internet

Tekst: Asbjørn Berge, 2025
Foto: Marit og Asbjørn Berge