Tur til Fossen
Gradering: Krevjande. Dette er ein tur som krev god fysisk form og erfaring med å gå i bratt terreng.
Lengd: 2,5 km ein veg frå Vesledalssetra. (6,2 km frå parkeringsplassen i enden av bomvegen.)
Høgdemeter: 440 frå Vesledalssetra (640 frå parkeringsplassen)
Tidsbruk: 3,5 timar t/r frå Vesledalssetra. (6,5 timar t/r frå parkeringsplassen)
Sesong: Sommar og haust
Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift!
Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Merk: Heile ruta er merka med raude T-ar.
Det er særleg bratt det siste stykket opp mot høgda ved vatnet. Her er det fest ein kjetting som du kan halde deg i.
Turen til Vesledalssetra er skildra i “Tur til Vesledalssetra”.
Det er ikkje mobildekning i dalen.
Vesledalssetra har lange tradisjonar som utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen.
Bildet er teke i retning mot Fossen og Vesledalsbreen. Du finn stien i den venstre bildekanten.
Den raude turisthytta på Vesledalssetra var tidlegare eigd av breførar Tor Greidung. Han var ein av dei siste patentførarane i distriktet, og han hadde mange turar over breen. Dei fleste turane gjekk over Vesledalsbreen til Stygge-asshytta - og seinare over til Slæom.
Tor Greidung døydde i 1999, 80 år gammal. I dag er det Indre Nordfjord Turlag (INT) som har ansvaret for hytta. Dei har gått inn leigeavtale med noverande eigar, og hytta er i god stand. Det er sjølvbetening. Nøkkel heng ved døra!
Patentførar Tor Greidung (1919-1999)
INT har gjort eit godt arbeid med vedlikehald av hytta. Det er montert solcelle-panel. Stova er måla opp att og er koseleg innreidd. Det er sett opp ny kjøkken-innreiing. På loftet er det mange soveplassar, og det er litt proviant å få kjøpt.
Nøkkel heng alltid ved døra.
Stien er rydda og godt merka med T-ar. Det skal ikkje vere vanskeleg å finne fram. Den første delen av turen går gjennom frodig fjellbjørkeskog.
Etter om lag eit kvarters gange kjem du til ei stor, open slette, Seltuftene. Utgravingar viser at her truleg har vore seter heilt tilbake til starten av vår tids-rekning. I dag er det lite som viser att.
Truleg var det ei vassdemme eller eit steinskred som tvinga bøndene til å flytte setra ned dit setrehusa står i dag.
Det er ingen som veit når setra vart flytt. Truleg er det fleire hundre år sidan.
Frå Seltuftene svingar stien seg vidare gjennom fjellbjørkeskogen. Nokre stadar kan det vere våte parti, men stien er stort sett grei å gå. Når du nærmar deg Tårnet, går du langs ei fossande elv. Den mektige fosseduren vil følgje deg det meste av turen vidare.
Her ser du Tårnet, ein stor stein som står på høgkant. Tomefjellet (1835 moh.) t. v. og Middagshyrna (1857 moh.) i bakgrunnen.
Slik ser landskapet ut når du passerer Tårnet (-bildet ovafor). Her er det ope og fritt, og du ser den mektige fossen i bakgrunnen.
Som du kan sjå av bildet, er det mykje stein der råsa svingar seg opp gjennom dalen.
Fossen er majestetisk når vassføringa er stor på varme sommardagar.
Dronning Sonja ved Fossen, 1. aug. 1993. Måleri av Kolfinn Bolstad etter fotografi av Håkon Loen.
Det siste stykket ved fossen er bratt, og her må du gå forsiktig og ta eit godt tak i kjettingen. Som du kan sjå av bildet, er stien godt merka med T-ar. Personar med høgdeskrekk vil nok slite litt her.
Når du kjem til høgda ved det første brevatnet, kan du sjå endå ein foss, og bak denne kan du skimte Vesledalsbreen.
Brevatnet er i ferd med å bli fylt opp av morenemasse som elva frå breen har ført med seg. Ein gong i framtida vil det vere ei breelvslette her.
Desse smågutane har kome seg heilt opp på høgda der fossen kastar seg utfor stupet.
Tekst og foto: Asbjørn Berge, 2025