Prosjekt “På tur i Oppstryn”

Oppstryn er ei bygd med storfelt natur som trekkjer turistar frå alle delar av verda. Dessverre er det dårleg tilrettelagt for at fastbuande og turistar skal kunne kome seg ut i naturen vår. Vi har mange vakre setredalar, men det blir stadig mindre beiting, og dei gamle setrevegane tek til å gro att. Det same gjeld i endå større grad dei gamle råsene i skog og mark.

Indre Nordfjord Turlag og Oppstryn Bygdeutviklingslag har no gått saman for å prøve å gjere noko med dette. Olav Auflem, leiar i INT, har søkt om midlar frå mange instansar, og så langt har vi ein startkapital på 180 000 kroner som er øyremerka dette prosjektet.

Prosjektet går over 3 år, og grunneigarane og turglade er velkomne til å bidra i dugnaden.

Les meir her

Forrige
Forrige

Bli med på Friluftsskulen!

Neste
Neste

Bli med på Vårryddeaksjonen