Den vakre bygda under Jostedalsbreen Nasjonalpark

Oppstryn er ei bygd lengst aust i Stryn kommune, rett under Jostedalsbreen Nasjonalpark. Bygda er kjend for storslått natur, sommarski, Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen, låtskrivar Per Bolstad, fjordhesten sin stamfar for å nemne noko..

Då turismen auka på 1800 talet, og vegen over Strynefjellet etterkvart vart bygd, vart det behov for mange overnattingsstadar. Og i 1972 opna legendariske Stryn Sommerski, som trekte mange yngre gjestar til bygda.

Opplevingar

  • Fjellturar

    Det fins mange flotte fjellturar å velje i. Vi har plukka ut favorittane, så då er det berre å starte planlegginga

  • Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

    Lær meir om den store Jostedalsbreen, og naturen og livet i og rundt nasjonalparken på Jostedalsbreen nasjonalparksenter. Kinosal med film om Jostedalsbreen, utstillingar med berøringsskjerm med informasjon om nasjonalparkane i Norge, parkområde med geologisk park og ein botanisk hage. Kafê med sal av kaffe/te og småkaker. Souvenirbutikk.

  • Stryn Sommerski

    Stryn sommerski er et alpinsenter på Strynefjellet, ved RV 258, Gamle Strynefjellsvegen. Stolheisen på 1000 meter bringer deg opp på 1300 moh i brebassenget der det er muligheter for både kjøring i bakke og frikjøring. Terrengpark.

  • Terrengsykling

    Napen har blitt eit ynda turmål for terrengsyklistar, og stien blir stadig forbetra av lokale eldsjeler.

  • Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen

    Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Vegen er ein attraksjon i seg sjølv og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid.

  • Segestad

    Garden Segestad ligg på ei fjellhylle lengst heime i Glomsdalen. Garden vart truleg teken i bruk noko før år 1000. I 1980-åra var garden til nedfalls, men stor innsats frå fleire hald har berga denne kulturperla.

  • Historiske Oppstryn

    Det er ei rik historie å fortelje om Oppstryn. Funn tilbake til jernalder tyder på stor aktivitet i dalen.

  • Meir om Stryn og Nordfjordregionen

    Finn ut meir om resten av Stryn kommune, samt Nordfjordregionen som strekkjer seg til havet i vest.

Overnatting

Mat og drikke