Mat og drikke

Sommarstid er det mange moglege serveringsstadar å velje i. Frå historisk hotell, til koselege kafear med eige bakeri.

  • Joker Hjelledalen

    Joker Hjelledalen

    Buda / Joker Hjelledalen er lokalbutikken i bygda, og lokalisert på Folven.

  • Gamlebutikken

    Gamlebutikken på Hjelle er ein gamal kolonialbutikk fra 1882. I dag er det sommarkafe med sal av engelsk porselen, samt lokal kunst og brukskunst. Nyt vakre omgjevnader med ein atmosfære frå farne dagar.

  • Nygård Kro

    Ferske bakevarer og nydeleg pizza er kjenneteiknet på Nygård. Kroa ligg i tilknyting til campingplass og hytteutleige. Kroa er hovudsakleg sommaropa, men held ope sporadisk i andre delar av året.

  • Matstova

    Heimebakeri, kafe og catering. Her blir det baka lefser, flatbrød og ulike bakverk etter gamle oppskrifter, og har også kafe og utsal på Stryn Torg i Stryn sentrum. Sommarkafeen og selskapslokalet ligg i Sandvika.

  • Erdalen Bygdemølle

    Mølla er ein serveringsstad med lett servering i vekedagane heile sommaren. I helga er det middagsservering. Alkoholservering alle dagar.

  • Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

    Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har ein liten kafê med sal av kaffe/te og småkaker. Souvenirbutikk.

  • Torheim Gard

    Torheim Gard jobber i samarbeid med naturen for å produsere et naturlig overskudd. Torheim Gard har gardsbutikk som er open etter avtale.

  • Jua Gard

    Jua Gard sel produkt av geit og sau. Garden ligg i Hjelledalen, omkransa av høge fjell og frodige beitedalar.

  • Oppstryn Urtemanufaktur

    Tanken bak bedrifta er konservering av ramsløk og urter etter gamle metodar, utan konserveringsmiddel.