Velkomen til Oppstryn

og velkomen til den digitale oppslagstavla vår. Oppstryn ligg, som namnet avslører, oppe i Stryn - på grensa mellom vest og aust. Rundt Oppstrynsvatnet ligg dei ulike bygdelaga som perler på ei snor, med dalfører og høge fjell som strekkjer seg til 1850 m.o.h., inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Finn ro på fjelltur, fordjup deg i historia og kulturen som omgjev oss. Det skjer alltid noko i Oppstryn, frå gruppetreningar, korøving til ulike arrangement.

Denne nettsida er eit samarbeid mellom alle organisasjonane i bygda, som ei felles oppslagstavle. Oversikt over organisasjonar, arrangement, overnatting, mat og drikke, og enda meir finn du i menyen øvst på sida.

Oppstryn Bygdeutviklingslag er ansvarleg for nettsida.

Er det noko som manglar på sida her?

Fyll ut skjemaet på denne sida, og send oss tipset ditt.

Om drift av nettsida Oppstryn.no

Oppstryn bygdeutviklingslag (OBUL) driftar denne nettstaden på dugnad. Alle frivillige lag og organisasjonar kan gratis nytte sida til informasjon om sin aktivitet. OBUL er redaktør og styrer kva som skal leggjast ut av generell informasjon. Næringsdrivande med base i Oppstryn vert presentert med ein link til sine eigne heimesider. Næringsdrivande som ikkje har eigne heimesider eller ønskjer å lage meir innhald til Oppstryn.no kan få eigen presentasjon, men må då betale for dette etter avtale med styret i OBUL.

Sponsing og gåver til OBUL er svært velkomne slik at vi har midlar til å halde fram med drifta. Eksempel på bidrag er 250,- per næringsdrivande. Bidrag til drifta kan betalast til kontonummer 3705.01.47739.