Ei god bygd for buande og besøkande

Oppstryn Bygdeutviklingslag

Oppstryn Bygdeutviklingslag sitt mål er å skape berekraftig utvikling i bygda.

Kontakt: Ingvild Berge

Oppstryn bygdeutviklingslag si oppgåve er å skape bærekraftig utvikling i bygda, vi skal fungere som ein slags paraply over dei andre organsiasjonane i bygda og ta tak i slikt som ligg utanfor dei andre sitt ansvarsområde.

Vi har ulike arbeidsgrupper, nokre er “ad hock” for problemstillingar som (forhåpentlegvis) let seg løyse fortløpande, medan andre er meir permanente.

Målet er at Oppstryn skal vere ei god bygd å bu i, der det er råd å få seg bustad, arbeid, skule og barnehageplass og eit godt og gjevande sosialt liv.