Prosjekt: På tur i Oppstryn

Oppstryn er ei bygd med storfelt natur som trekkjer turistar frå alle delar av verda. Dessverre er det dårleg tilrettelagt for at fastbuande og turistar skal kunne kome seg ut i naturen vår.

Vi har mange vakre setredalar, men det blir stadig mindre beiting, og dei gamle setrevegane tek til å gro att. Det same gjeld i endå større grad dei gamle råsene i skog og mark.

Indre Nordfjord Turlag og Oppstryn Bygdeutviklingslag har no gått saman for å prøve å gjere noko med dette. Olav Auflem, leiar i INT, har søkt om midlar frå mange instansar, og så langt har vi ein startkapital på 180 000 kroner som er øyremerka dette prosjektet.

Prosjektet går over 3 år frå 2024.

Grunneigarar og turglade blir oppmoda om å delta på dugnaden, og interesserte kan ta kontakt med Asbjørn Berge på tlf. 482 34 863.