Betel

Eit av dei gamle, ærverdige bedehusa som det ikkje er så mange att av. Betel vart bygd tidleg på 1900-talet og innvigd i 1921. På 1970-talet vart det påbygd, og er i dag eit godt og tenleg hus for mange i bygda.

Sidan bruken som bedehus med møteverksemd har minka, er huset no eit allbrukshus, meir som ei lokal storstove. Det vert brukt til feiring av bursdagar, barnedåp o.l.

Den faste brukaren av Betel er Oppstryn Normisjon, som eig huset. Dei arrangerer Hyggjestund ein gong pr månad, eit sosialt møtepunkt med program, mat og prat.

Vidare har Normisjon 2 basarar årleg, ein til inntekt for misjonen og ein for huset.

Juletrefest har og vore årleg her, gjerne saman med andre organisasjonar.

Søndagsskulen er og fast brukar av Betel, samling ein gong kvar månad. Der møter mange born og foreldre fram på søndag føremiddag og vert kjende med Jesus.

Huset har bra utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, 2 toalett, pc og prosjektor, lyd og galleri. Dekking til 50 personar går greit. Elles kan salen ta max 100 utan bord.

Leige av Betel

Leige av Betel kostar kr 1000,- for eit arrangement/samling. Interesserte kan ta kontakt på tlf. 90122146