Oppstryn Idrettslag

Oppstryn Idrettslag vart stifta 24. november 1911, og har stor aktivitet med barneidrett, idrettshus, friidrett, ski, symjing, fjelltrim og mykje meir.

Medlemskap
Prisane for medlemskap i Oppstryn IL er 100,- for barn og 200,- for vaksen og 150,- for senior frå 67 år. Då er dei aller fleste aktivitetane gratis. Ynskjer du å bli medlem kan du betale via Vipps: 129776 (huga namn), eller betal inn til bankkonto: 3795.30.17343 (hugs namn). Som medlem får du rabatt på treningskle på Ytre-Eide Sport, Sport 1 Stryn.

Kontakt
Leiar: Lasse Hjelle. Kontakt: las.hjelle@gmail.com eller emma@hjelle.com

  • Idrettshuset

    Velutrusta treningslokale med mange ulike apparat, samt bordtennisbord og møtelokale. Det er også fleire gruppetimar ein kan delta på.

  • Fjelltrim

    Gjennom sommarhalvåret kan du sanke poeng på utvalde turmål i Oppstryn. Eit ypperleg folkehelsetiltak med lav terskel og store mengder frisk luft.

  • Barneidrett

    Barneidrettsgruppa arrangerer innetrening i gymsalen på Hjelle vinterhalvåret, og ute på Lund stadion i sommarhalvåret (utanom sommarferien).

  • Symjing

    Etter haustferien og fram til påske har Oppstryn ein fast dag i Stryn symjehall. I 2023/2024 sesongen er dette måndag kl 19-20. Symjehallen har stupetårn, rutsjebane, barnebasseng og sauna.

  • Ski

    Når vêre tillet det blir det køyrt langrennsløype i Hjelledalen. Dette blir annonsert på Facebook. Følg “Skiløyper Hjelledalen”.

  • Fotball

    Oppstryn har hatt fotballag i mange år, og var ei stund i 4. divisjon. Siste åra har aktiviteten blitt redusert og for tida er det ikkje eit aktivt fotballlag i bygda. Nokre entusiastar samlast likevel torsdagane for uformell fotballtrening.

  • Terrengsykling

    Napen har blitt eit ynda turmål for terrengsyklistar, og stien blir stadig forbetra av lokale eldsjeler. Det fins også andre stiar å sykle på.

  • Styret

    Her finn du informasjon om styrearbeidet i Oppstryn Idrettslag.